Jubel for ekstramillionar
JUBEL: Fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap) og fylkestinget kosta på seg litt jubel og spontan applaus.
Nytt

Jubel for ekstramillionar

Møre og Romsdal får 70 millionar ekstra frå staten til tunnelsikring. Men forslaget til Frank Sve om å nytte pengane til lågare ferjebetaling, blir kontant avvist. 

Marius Rosbach
11.12.2019
– Det har akkurat tikka inn ei melding om at det kjem 70 millionar til tunnelsikring til Møre og Romsdal for 2020 på statsbudsjettet, sa fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap) under onsdagens møte i fylkestinget.
Det braut ut spontan jubel mellom politikarane i fylkestinget då meldinga kom midt under behandlinga om meir støtte til The North West.

Rettar opp feil

Nyheita om den auka potten kjem på eit kjærkome tidspunkt for fylkespolitikarane, som har slitt med å få økonomien til å gå opp.
Fylkeskommunen har meint at det var ein feil i forslaget til statsbudsjettet for neste år, at Møre og Romsdal ikkje fekk slike midlar. Etter at samferdsledepartementet og Statens vegvesen har gått gjennom saka på nytt, blir feilen retta opp i.
Helge Orten (H) seier til , som omtala saka først, at det kjem 60 millionar i skjønnsmidlar allereie i år – og 10,8 millionar i revidert budsjett neste år.

Ville nytte midlane til ferje

Midlane er ikkje øyremerka, og kan såleis nyttast på andre område.
Frank Sve (Frp) foreslo tysdag at - om ein fekk desse pengane, så burde dei gå til ferjedrift. Han fekk avslag på direkten på det forslaget frå Kristin Sørheim (Sp).
Etter nyheita om ekstramillionane blei kjent onsdag, opplyser ho til NETT NO at det ikkje er lov å bruke tunnelsikringsmidlar til drift, og at det var eit stort behov på område.
– Vi manglar framleis ein milliard på å oppfylle forskrifta og fristen er 2025, så dette er eit populistisk og ikkje gjennomførbart forslag, legg Sørheim til.

Meir om fylkesøkonomien:




Frp nedstemt om The North West

Nemnte sak om støtte på 300.000 kroner til The North West hadde nettopp utløyst ein diskusjon som strakk seg langt inn i saka om ferjetakstar og dei vidaregåande skulane.
Aksjekapitalen i selskapet er tapt og dei ønsker å hente inn kring 1,5 millionar i ny kapital frå kommunar og fylkeskommunen. Frank Sve (Frp) minna om at det i andre saker har vore snakka fint om å satse på ferje og skular, og no ville han sette ned foten.
– Vi puttar på her og der, også blir det ganske store summar til slutt. Vi er kan ikkje vere med på alt, sa Sve - og sa nei til forslaget som blei vedteke mot 12 stemmer.
Sve såg ikkje vekk frå at The North West hadde gjort «ganske mykje bra» – men var generelt tvilande nytta av konferansar. Han var også tvilande til om satsinga var det rette organet til å drive regional utvikling.
– Eg trur vi hadde vore tent best med å gå ut av det, sa han - og viste til at Giske kommune hadde bestemt seg for ikkje å vere med.

– Ei investering i framtida

Jan Ove Tryggestad (Sp) meinte på si side at saka var større enn beløpet. Han meinte det var ei form for nytenking han ville støtte, sjølv om det ikkje var lovpålagd. Han meinte det var viktig å få Ålesund til å vere ei motor for regionen.
Tryggestad viste til eit møte med Tore og Gunvor Ulstein, og korleis dei tenkte då dei hadde milliardunderskott etter oljenedturen.
– Dei såg dette som ei investering i framtida. Ikkje fordi dei var nøydd, men fordi dei valte å sjå det slik. Men ho la til at ho forventa samtidig at politikarane stilte opp mellom ann for prosjekt som The North West, sa han.
Tryggestad var overtydd om at prosjektet ville gi frukter når det gjaldt å gi auka utvikling i bulyst i fylket, og håpte det kunne vere med å snu utviklinga med nedgang i folketalet.

Publisert: 11.12.2019 13:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47