Jobbar paa spreng for aa halde paa arbeidsstokken
ALTERNATIV: Å bruke fleire eigne tilsette på eksisterande oppdrag er eitt av alternativa Klevensjef Karsten Sævik vurdere for å sysselsette folk som skulle bygge cruiseskipet som blei kansellert.
Nytt

Jobbar på spreng for å halde på arbeidsstokken

Før sommarferien reknar Kleven-sjef Karsten Sævik å ha avklart korleis selskapet skal handtere oppdragsmengda som forsvann då Lürssen kansellerte bygging av eit ekspedisjonscruise-skip.

11.06.2018
Kleven var i startfasen av den fysiske byggeprosessen då meldinga kom om at det likevel ikkje blir noko bygging av det luksuriøse fartyet.

Dermed fekk Kleven brått ledig kapasitet .
No ser selskapet etter alternativ for å unngå permitteringar.
- Vi vil helst behalde alle, sier konsernsjef Karsten Sævik etter å ha presenter den nye refinansieringa som deler konsernet i to, Kleven Verft og Myklebust Verft.
Les meir om refinansieringa under Relaterte saker
Eitt alternativ er at Kleven brukar eigne tilsette til å gjere arbeid på eksisterande kontraktar, to ankerhandteringsfarty og to hurtigrute-skip, i staden for å sette arbeid til andre.

Kan ta oppdrag

- Det skulle vi hatt i går, seier Sævik om når Kleven bør ha oppdrag for å fylle holet etter Lürssen-kontrakta.
Om verftet får eit oppdrag på ein skipstype det har bygd frå før anslår han at det vil ta minst tre månader å vere klar til å starte sjølve bygginga.
Er det snakk om eit farty selskapet ikkje har bygd først må også design/engineeringsarbeidet gjerast ferdig før det kan byggast.

Mange forespørslar

Sævik seier det er mange forespørslar på bygging av skip ute i marknaden.
- Eg har tru på at marknaden vil vere i betring framover, seier han.

Publisert: 11.06.2018 16:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22