Jets vert uansett vinnar paa Nor Shipping
NOMINERTE: Skipa som er nominert til årets skip på Nor-Shipping. Color Hybrid er straks klar for levering frå Ulstein verft og skal ut på jomfrutur i slutten av juli. Roald Amundsen (innfelt) og Ronja Storm (innfelt) er også snart klare for levering frå verfta. 
Nytt

Jets vert uansett vinnar på Nor-Shipping

Kleven, Ulstein og Havyard kjempar om å byggje Årets skip, men Jets på Hareid er uansett med på vinnarlaget.

30.05.2019
Jets er eitt av selskapa som har leveransar til alle dei tre skipa som kjempar om å verte 'Året skip', ein pris som skal delast ut under opninga av Nor-Shipping på Lillestrøm 4. juni.
Det er Roald Amundsen frå Kleven, Color Hybrid frå Ulstein og Ronja Storm frå Havyard det står mellom, og Jets har levert toalettsystem til alle tre.
Jets opplyser at til bil- og passasjerferja Color Hybrid består leveransen av eit vakuum toalettsystem beståande av to vacuum-unitar kvar med to vacuumpumper Edge XL og 150 toalett.

390 toalett på Roald Amundsen

Til Hurtigruten sitt ekspedisjonscruiseskip Roald Amundsen leverer Jets eit vakuum toalettsystem beståande av to vacuum-unitar kvar med to Vacuumarator-pumper Edge XL samt 390 toalett.
Denne pakken er levert i samarbeid med Scanship som leverer blant anna kloakkreinseanlegget.

Til Sølvtrans sitt prestisjeskip Ronja Storm leverer også Jets eit komplett vakuumsystem med reinseanlegg type Jets Ecomotive 3.33 og to Vacuum-unitar med to Vacuumarator-pumper av typen Egde S, samt 20 toalett.

- Stor betydning for Jets

Jets-direktør Øyvind Tørlen opplyser at leveransane til desse skipa er av stor betydning for Jets, ettersom det er krevjande prosjekt der kundane stiller høge krav til kvalitet og driftssikkerheit.
- Jets er stolte av å få vere leverandør til alle tre kandidatane til Årets skip, seier Tørlen.
Det er Skisprevyen som deler ut prisen under opninga av Nor-Shipping.
Her er kandidatane:

Color Hybrid

Kandidat nummer 1 er Ulstein Verft-bygde Color Hybrid, verdas største plug-in hybridferje med plass til 2.000 passasjerar og 430-500 bilar.
Den 160 meter lange ferja er no under utrustning ved Ulstein Verft, og skal kunne gå 30 minutt på batteri til og frå Sandefjord på ruta Sandefjord-Strømstad.
Jomfruturen går 26. juli.

Roald Amundsen

Kandidat nummer 2 er Kleven Verft-bygde Roald Amundsen.
Design er det Rolls-Royce som har stått bak.
Kleven Verft er no i sluttfasen på utrustninga på det 140 meter lange ekspedisconscruiseskipet som er fullspekka med nyvinningar og miljøvenlege løysingar.
Jomfruturen går frå Hamburg 26. juni.

Ronja Storm

Kandidat nummer 3 er Ålesund-selskapet Sølvtrans sin nye brønnbåt Ronja Storm, som med sine 116 meter vert verdas største brønnbåt.
Båten er designa av Havyard og båten er no under utrustning ved Havyard sitt verft i Leirvik.
Primæroppgåva til Ronja Storm er ferskvassbehandling av laks for Huon Aquaculture i Tasmania. Der er dei plaga med ei amøbe som set seg på gjellane, og fisken må badast i ferskvatn fleire gongar gjennom livsløpet sitt. Kapasiteten til båten er så stor at dei kan ta om bord ei heil merd, 800-900 tonn.

900 utstillarar

Under året Nor-Shipping deltar 900 utstillarar frå 48 land.
Får norvestlandet er det rundt 40 utstillarar (sjå faktaboks)

Publisert: 30.05.2019 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35