Jets med vekst paa land
JETS: Adm. direktør Jan Tore Leikanger (til h.) og styreleiar Anders Almestad er nøgde med fjorårsresultatet sett i lys av marknadssituasjonen som rådde og fortsatt råder i den maritime industrien. Selskapet har vekstambisjonar vidare, blant anna på landsida. 
Nytt

Jets med vekst på land

Jets ser ei positiv utvikling i fleire av landsegmenta, men på sjøsida er det fortsatt tøft. 

Kristin Vidhammer
21.07.2017
Jets Vacuum på Hareid lagar vakumtoalettsystem, som brukar vesentleg mindre vatn enn vanlege toalett. Først blei dei tatt i bruk på skip, men Jets har auka satsinga på landanlegg, og har også utvikla nye produkt basert på kompetansen frå vakumtoaletta.
I fjor sank omsetninga til 377 millioner kroner, mot 418 millioner året før. Resultat før skatt vart 29 millioner, mot 60 millioner kroner året før (sjå tabell). 2015 var eit rekordår for konsernet.
Løysingar mot den maritime marknaden utgjorde 86 prosent av omsetninga i fjor.
- Vi er nøgde med fjorårsresultatet sett i lys av marknadssituasjonen som rådde og fortsatt råder i den maritime industrien. Vi ser ein betra situasjon og betra utsikter for eigen del då vi ser ei positiv utvikling i fleire av dei marknadssegmenta vi arbeider med innanfor landsegmentet vårt, seier Jan Tore Leikanger.

Nye marknader

Dei utvikler mange nye marknader utafor maritim sektor, blant anna innan hytter/hus, næringsbygg, butikkar, jernbane og mobile toalettanlegg.
I løpet av året vil Jets Vacuum sine leveransane til fastlandsmarknaden for første gong bli større enn til skipsmarknaden.
- Jets Vacuum har store vekstambisjonar, som vi alt har byrja å realisere. Vi er ved eit brytningspunkt der landmarknadane vi opererer i, er i ferd med å vekse frå skips- og offshoredelen som tradisjonelt har vore størst for oss, uttalte styreleiar Anders Almestad i ei pressemelding tidlegare i juli.
Det var då det også vart kjent at Øyvind Tørlen tar over som konsernsjef frå oktober ettersom Jan Tore Leikanger ynskjer å overlate toppjobben til andre.
Les også:
Les også:

Jets-mål

Jets siktar mot ein halv milliard kroner i driftsinntekter i 2019.Det vart i år kjent at dei mellom anna går inn på butikkmarknaden med nytt produkt og at dei har inngått ei treårig rammeavtale med den tyske butikk-kjeda Aldi om å levere vakuumanlegg til 1000 butikkar dei komande tre åra.
Blir det full klaff betyr det 20 millionar kroner i inntekter i året, men først og fremst er det eit gjennombrot i ein ny marknad, i følgje direktør Bjarte Hauge i Jets.
Les også
I butikkane har Jets tatt mykje av teknologien frå vakuumtoalett-systema sine inn i anlegg som skal fjerne kondensvatn frå fryse- og kjøleanlegga i butikkane. Den første butikkinstallasjonen for å fjerne kondensvatn vart montert i Ålesund for fem år sidan, men fram til no har dette utgjort ein liten del av inntektene for Jets.

Ei rekkje aksjonærar

Dei største aksjonærane er Marin Eiendom (26,3 prosent) og som er 55 prosent kontrollert av Svein Rune Gjerde, Hagard as (16,2 prosent) og som blant anna er eigd av Knut J. Haddal, samt Øvsthus as (12 prosent) og som blant anna er eigd av Eimund Øvsthus. I tillegg har Olav Hofseth, Ranveig Antonia Gjerde, Mathias Hogne Gjerde, Trude Gjerde eigarpostar mellom 9,95 og 4,4 prosent. Deretter kjem ei handfull mindre aksjonærar.
Konsernet har ikkje langsiktig gjeld og har ein bokført eigenkapital på 250 millioner kroner, tilsvarande ein eigenkapitaldel på 75 prosent. Konsernet hadde i overkant av 170 tilsette ved årsskiftet.

Publisert: 21.07.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12