Jantelova gjeld nok og ikkje berre i Norge
ÅLESUND: På Rg-konferansen i Ålesund mandag, i regi av Revisorgruppen, gjekk Hallvard Slettevoll inn på sentrale utfordringar for gründerbedriftene. 
Nytt

- Jantelova gjeld nok, og ikkje berre i Norge.

Hallvard Slettevoll er dagleg leiar i Stadt as og har vore gründer i Gjerdsvika i meir enn 30 år. - Som gründer er det mange lange, seige motbakkar og ein går mot mange odds, seier han. 

Kristin Vidhammer
26.09.2016
- Eg veit ikkje om den typiske gründaren finst, dei er vel individuelle personer med ulike karakteristika. Men eg trur at ein gong gründar, alltid gründar, seier Slettevoll.
På Rg-konferansen i Ålesund mandag, i regi av Revisorgruppen, var temaet omstilling i næringslivet. Slettevoll gjekk i eit foredrag inn på sentrale utfordringar for gründerbedriftene.

Ein livsstil

- Det å vere gründar er ein livsstil. Ein er kanskje fødd inn i denne rolla og der ein alt i unge år tenker på å skape ei bedrift. Men det er mange lange, seige motbakkar og ein går mot mange odds. Vi ville konkurrere mot verdens største selskap, som ABB, Siemens, General Electric, Rolls-Royce , og når vi også er lokalisert i Gjerdsvika, er det ein form for galskap.
Les meir om Stadt Gruppa
Men tanken om David mot Goliat har vore inspirerande for Slettevoll.
- Det har latt seg gjere utruleg nok. Dynamikken i ei lita bedrift er heilt annleis enn det dei store kan kome opp med, og det er faktisk muleg å konkurrere med dei store selskapa, seier Slettevoll.
Slettevoll starta i 1985 utan særleg startkapital.

Tolmodigheit viktig

- Det tok ti år før det bar frukter. Men etter kvart fekk vi eit verdsleiande produkt - elektrisk framdriftssystem for skip - og i 2001 fekk vi viktige kontrakter på hurtigruter og ferger, seier Slettevoll.
Slettevoll hadde med seg Aker og SND Invest på eigarsida, og dei bestemte dei seg for å selge teknologien til ABB i 2001.
- Dei la nesten 100 millionar kroner på bordet. Då hadde vi vist at vi med ti års langt pågongsmot hadde klart å ta opp kampen med dei store.
Deretter vart det ein ny start med nye idear for Slettevoll.
- Denne gongen hadde eg betydelig startkapital - men det tok på nytt ti år. Å lukkast som gründar har vist seg å vere eit langsiktig løp, seier han.

Forsakingar og få retrettmoglegheiter

Å vere gründer er ein livsstil og Slettevoll har aldri vore sjukmeld.
- Du må berre stå på og vere tilgjengelig døgnet rundt. Der er ingen retrettmulegheiter, då har ein spolert alt som er lagt ned, og det er berre å stå løpet ut. Det er forsakingar og krevjande for familie.
Nettverk underveis har vore viktig, og Gjerdsvika er ei bygd med gründerspirit - noko som også har vore viktig.
Slettevoll starta opp på nytt i 2001, og ifølgje Slettevoll overgår Stadt sin teknologi i dag på mange vis det dei store aktørane kan tilby. Blant anna har Stadt fått to internasjonale prisar.
Les også:

Jantelov og stengte dører

- Vi har løyst mange utfordringar, og det skuldast nok både flaks, dyktigheit, erfaring. Erfaring er gull verdt. Men vi har også møtt mykje skepsis og stengte dører. Jantelova gjeld nok, og ikkje berre i Norge, seier Slettevoll.
Ofte blir det for tett å presentere idear overfor dei nærmaste.
- Den maritime klynga på Sunnmøre er derfor ikkje alltid berre positivt. Dei er ikkje alltid dei mest opne, og ikkje regn med dei som opplagte kundar. For vår del var det TFDS i Tromsø som vart vår viktigaste kontrakspartner - dei ga oss stor tillit og mange oppdrag.
Ifølgje Slettevoll, kan det også vere vanskeleg å få innpass med dei store verftsgruppene fordi dei skal ha alt frå eige hus. Då vert ein betrakta som ein konkurrent og der "Not invented here" er eit begrep og ei utfordring og som er ekskluderande.

Må ha visjon og vere nysgjerrig

- Skal ein lukkast som gründar må ein vere uthaldande og ha ein innebygd visjon på kva ein vil. For min del er det å gjere skip miljøvennleg og påliteleg og å skape arbeidsplassar. Ein bør ha innsikt i multidisiplin, vere interessert i mange fagfelt og ha god almenn utdanning. Språkkunnskap er også viktig, og ein må vere grunnleggande nysgjerrig og informasjonssøkande og følgje med det som skjer ute i verden. Nysgjerrigheit kan heller ikkje delegerast vekk.
Slettevoll har drive aktivt med teknologiutvikling med patentering.
- Patentering har vore viktig for oss og der har vi komt langt. Merkevarebygging er heilt sentralt, og i det lange løp kan merkevara vere viktigare enn produktet. Stadt-navnet har byrja å bli kjent internasjonalt og det er også den internasjonale marknaden som har vore redninga for oss. Eksportandelen er no på over 80 prosent.

Har hatt fokus på likviditet

Slettevoll har lært seg å utvikle ein særdeles sterk fokus på likviditet.
- Dette har gitt oss stor handlefridom og redusert risiko og det har vore mogleg mellom anna på grunn av vår unike patenterte teknololgi. Vi har fronta likviditet framfor stor fortjeneste, og i dag er vi i praksis gjeldfrie.
Ifølgje Slettevoll er Stadt sine M-ar marknad, merkevare, media, medarbeidarar, multidisiplinfokus og money.
- I tillegg er det viktig å ha ein god bank og god revisor, for oss har det vore DNB. Vi vart tvunge til å bytte bank då vår tidlegare, lokale bank, ikkje ville vere med på vårt nye prosjekt med bygging av nytt bygg til ca. 35 millionar kroner i Gjerdsvika. Vi har også hatt eit særdeles godt forhold til Innovasjon Norge og som vi har hatt god nytte av - ikkje minst som sparringspartner.
Les også:
Skal ein lukkast som gründar må ein vere uthaldande og ha ein innebygd visjon på kva ein vil

Publisert: 26.09.2016 12:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:01