Jaktar pengar til guide app
VIL BLI FØRST OG STØRST: Frå venstre; dagleg leiar Bjørnar Sørberg, sals- og marknadssjef Ole Trygsland Hoelseth og finansdirektør Robert Vingsnes i Experio, selskapet bak guide-appen Voice of Norway .
Nytt

Jaktar pengar til guide-app

Experio i Ålesund har inngått avtale med tog-og reiselivselskapet Vy. Jaktar på inntil 10 millioner frå investorar for å sikre rask vekst.

28.10.2020
Experio har utvikla ein app som gjer at du ved hjelp av telefonen kan få din eigen turistguide rett i lomma. Under varemerket Voice of Norway satsar Experio no på ein rask vekst, og ein dominerande posisjon i marknaden.
Akkurat som Vipps på kort tid blei dominerande i betalingsapp-marknaden, trur dagleg leiar og medeigar Bjørnar Sørberg på ei liknande utvikling for guide-appar på nett. Det er grunnen til at selskapet no er ute etter investorar som vil gå inn med inntil 10 millionar kroner i løpet av ein tre-årsperiode.
-Det er eit lite tidsvindu no, seier Sørberg.
Han sjølv jobbar frå Trondheim, dei tilsette er spreidd på fleire stadar og hovudkontoret er i Ålesund.

Byggje innhaldsbank

I dag var han på arrangementet Founders Lunch hos Åkp i Ålesund og presenterte selskapet og ideen bak, saman med marknads- og salssjef Ole Trygsland Hoelseth. Skal Voice of Norway vere attraktiv må appen ha mykje innhald å levere, og å pengane frå kapitalutviding skal finansiere ei rask oppbygging av innhald for å gjere kundar som til dømes Vy interessert i å tilby appen som en del av tilbodet til sine reisande.
Appen er kobla til posisjonen til den reisande, og relevant informasjon vil vere tilgjengleg på det Experio kallar "lydpunkt".
- Jo meir vi kan legge ut for å lag dei lydpunkta jo sterkare står vi i forhandlingar, sier Trygsland Hoelseth.

Fleire inntekstkjelder

Experio baserer seg på at det er fleire måtar selskapet kan ta seg betalt for bruk av appen.
Den eine er at kommuner eller offentlege institusjonar abonnerer på tenesten for å få formidle informasjon om sin komune/institusjon.
Den andre er at store reiselivsoperatørar, som til dømer Vy, Hurtigruten, Havila Kystruten betaler en sum for kvar nedlasting av appen gjort av deira kundar.
Den tredje er å reklameformidling gjennom appen og den fjerde er å ta seg betalt for å lage innhald til kundar som vil bruke appen.
Experio blei etablert i 2017, men historia bak ideen skriv seg frå selskapet Hopperguide, som blei etablert i 2009. Richard Nærø, som var med og grunnla Hopperguide, er også med på eigarsida i Experio.

Publisert: 28.10.2020 16:04

Sist oppdatert: 04.06.2021 13:01