Jaktar oppdrag i arktiske omraade
KRISTIANSAND: Adm. dir. Trond Myklebust trur på nye oppdrag i Russland for selskapet sin ankerhandterar med høg isklasse.
Nytt

Jaktar oppdrag i arktiske område

Viking Supply Ships trur på nye oppdrag i Russland.

18.02.2019
- Vi håper og trur at vi snart får landa kontrakter, seier adm. dir Trond Myklebust i det Christen Sveaas-kontrollerte selskapet.
Det er no fire år sidan Exxon vart kasta ut av russisk sone på grunn av sanksjonane som EU og USA innførde mot Russland, noko som også gjekk ut over Viking Supply Ships.
Fire Viking Supply-skip jobba for den russiske olje- og gassgiganten Rosneft, som samarbeidde med Exxon, under boreoperasjonar i Karahavet. Men når kampanjen vart stansa grunna sanksjonane, vart samarbeidet med Exxon avslutta for alle fire Viking-skipa, i tillegg til skip frå Siem Offshore og Rem Offshore.

Stor russisk satsing

Adm. dir. Trond Myklebust seier at selskapet ser på Russland som ein viktig region, og sjølv om ankerhandteraren Brage Viking var på ein seks månaders kontrakt i Pechora-havet i fjor, har sanksjonane medført redusert aktivitet for det Kristiansand-baserte selskapet.
Men no håper Viking Supply Ships på fleire og lengre kontrakter i Karahavet og russsiske deler av Arktis ettersom Russland har ambisiøse vekstplanar i regionen.
- Vi følgjer nøye med på sanksjonane, men vår aktivitet fell ikkje inn under dei gjeldande sanksjonane.
- Utfordringa i 2014 var at Exxon vart tvungen til å trekke seg ut, noe som medførde stans i prosjektet, seier finansdirektør Morten Aggvin i Kristiansand-baserte Viking Supply Ships.

Høgare ratenivå

Selskapet har innleidd eit strategisk samarbeid med det russsiske shipping- og offshoreselskapet Sevnor.
Myklebust opplyser at ratenivået for båtar med høg isklasse i område med vanskelege isforhold er høgare enn i andre område.
- Ja, vi snakkar om heilt andre rater, og for vår del vil det vere viktig å sikre langtidskontraktar i område der vi får betalt for den høge isklassa på skipa og spesialkompetansen til mannskapet.

Cruisetrafikk kan gi oppdrag

I tillegg til kontrakter med russiske olje- og gass-selskap, ser selskapet også mulegheiter knytt til den aukande trafikken av cruiseskip, ekspedisjonsfartøy og øvrig trafikk i arktiske strøk.
- Her kan det etter kvart verte behov for isbrytartenester. Aukande trafikk i islagde farvatn vil representere ein vesentlig risiko uten tilstrekkeleg støttefartøy som kan bistå om noko skulle skje.
Vartdalingen Myklebust leier eit offshoreselskap som no er gjeldfritt, og som i tillegg planlegg å betale ut eit utbyte på ein milliard kroner etter eit lukrativt sal av tre isbrytarar til kanadiske myndigheiter.

Vår aktivitet fell ikkje inn under dei gjeldande sanksjonane

Publisert: 18.02.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31