Jaktar nye jobbar
NYTT MERKE: Administrerande direktør Inge-Jonny Hide må skifte merke på hjelmen. Etter 17 år er ikkje lenger Myklebust Verft ein del av Klevenkonsernet. 
Nytt

Jaktar nye jobbar

Medan Kleven Verft har nybyggingsoppdrag til tredje kvartal neste år leverer Myklebust Verft sine førebels siste nybygg i november.

16.06.2018
Før ferien skal Myklebust Verft levere den siste av i alt fire trålarar og i november skal to 130-bilars ferjer til Torghatten-selskapet FosenNamsos Sjø overleverast.
- I det korte bildet har vi høg aktivitet seier Inge-Jonny Hide, toppsjef i selskapet som no ikkje lenger skal vere ein del av Kleven-konsernet.

Eigne bein

Sjølv om Myklebust Verft skal få utført ein del administrative tenester hos Kleven Verft betyr delinga av Kleven-konsernet av selskapet no må stå på eigne bein, etter 17 år som ein del av Klevenkonsernet.
Hide seier selskapet siktar mot vedlikehald og ombyggingsoppdrag for å sikre aktiviteten ved verftet etter at ferjene er levert. Samstundes blir det arbeidd for å få fleire nybygg. Hide ser mellom anna sjansar for oppdrag i marknaden for fiske- og havbruksbåtar, i tillegg til at ein høgare oljepris skaper meir liv i marknaden for vedlikehald og klassing av offshore.

130 tilsette

I dag har Myklelbust Verft 130 eigne tilsette og 300 personar innom portane når innleigde arbeidarar blir rekna med.
I første kvartal var det cirka 500 personar i sving på verftet, 150-160 av dei eigne tilsette. Korleis bemanninga vil utvikle er avhengig både av kor mange og kva slags oppdrag verftet får. Større ombyggingar er i nærleiken av å vere like arbeidskrevande som nybygg, i følgje Hide.

Uendra eigarskap

Delinga av Klevenkonsernet inneber mellom anna at dei eigarane som var med på første refinansieringa av konsernet, i fjor haust, held fram som eigarar av Myklebust Verft medan eit datterselskap av Hurtigruten tek over Kleven.
Utanom Hurtigrutenmedeigarane, med Petter Stordalen i spissen, omfattar det mellom andre Inyard Invest med Åge Remøy på eigarsida og John Kleven as, med Kjersti Kleven og Annelise Godø Kleven som eigarer.
Inyard Invest er største einskildaksjonær, med 19,07 prosent av aksjane. Hurtigruten-aksjonærane, medrekna Petter Stordalen sin til saman med knappe 40 prosent.

Publisert: 16.06.2018 08:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22