Jaktar investorar til taresatsing
TANG: Annelise Chapman meiner taredyrking kan verte stor norsk næring. No inveterer ho og dei andre gründerane i Tango Seaweed nye investorar inn i selskapet.
Nytt

Jaktar investorar til taresatsing

Etter ein vellukka testsesong meiner ho at taredyrking kan verte ein stor norsk industri. No trengst det meir kapital til neste utviklingssteg.

11.12.2018
- Vi treng eit større tørkeanlegg, vi treng å forbetre infrastrukturen og få effektivisert drifta.
Det seier Annelise Chapman frå Remøya, som gjennom selskapet Tango Seaweed satsar stort på taredyrking.
Etter ein testsesong i år, skal det no satsast i større skala ved ein av dei to konsesjonane selskapet har i Herøy.
- Vi er godt fornøgde med testsesongen av sukkertare og butare. Vi har hatt fokus på biologi og produksjon, men vi har også fått testa ut produktutvikling og sal.
- Dette vart gjort i små skala, no er neste steg å profesjonalisere drifta.

Langsiktige investorar

Ho seier at selskapet treng investorarar som tenker langsiktig.
- Dette er ei ny næring i Norge, der vi på mange måtar går først. Det vi treng er investorar som ønsker å være med på å skape grunnlag for ei ny næring her på Sunnmøre.
- Interesse og tolmod er viktig for å lukkast, seier ho.

Treng fem millionar på tre år

Selskapet har fått tilbod om etablering fleire stader i Herøy.
- Vi har fleire spennande tilbod, men for å gjennomføre planane er vi avhengige av meir eigenkapital
Chapman opplyser at styret har vurdert kapitalbehovet dei neste tre åra til å liggje på rundt 5 millionar kroner.
Sjølv er ho hovedaksjonær i selskapet saman med Kjell Alfred Otterlei. Begge eig 27 prosent før kapitalutvidinga.
Andre på aksjonærlista er Selina Stihl frå Tyskland, Selstad-konsernet i Måløy, Viktor Hauge i H-Invest og May Britt Haukås.
Hans Cato Haddal er ekstern styreleiar i selskapet.

Stor tysk interesse

Annelise Chapman seier at selskapet i tillegg til produksjon, også jobbar aktivt med produktutvikling.
- Det er framleis ei umoden verdikjede, og vi kjem truleg også til å engasjere oss i salsleddet.
- Mulegheitsromet innanfor denne næringa er stort, med eit mykje større mangfald enn det ein til dømes ser i oppdrettsnæringa.
Ho seier at det er spesielt stor interesse frå Tyskland, og særleg frå den veksande vegetar- og veganbransjen.
Chapman kjem sjølv opphaveleg frå Tyskland, og ho opplyser at selskapet har alt fått mange gode kontakter i Tyskland som dei gler seg til å arbeide videre med.

- Viktig for miljøet

Styret meiner at selskapet har ei unik mulighet når det gjeld å vere tidlig ute i Tyskland som er eit av dei viktigaste landa i verda når det gjeld denne type mattrendar.
- Det står att ein del arbeid rundt regelverk og råstoff-standarder, men potensialet er heilt klart stort, seier Chapman.
Ho håper å få med seg investorar som ser at taredyrking er eit framtidsretta prosjekt, også i miljøsamanheng.
- Tareskogar er havets regnskogar og taredyrking er viktig for miljøet og for å stette framtidige matbehov.
- Vi ønskjer å vise at det er muleg å tene pengar på miljøretta satsingar, seier Chapman.
Vi ønskjer å vise at det er muleg å tene pengar på miljøretta satsingar

Publisert: 11.12.2018 06:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29