Jaktar fleire skip fraa Solstad
TILBAKEKJØP: Åge Remøy og Rem Offshore har overtatt Rem Arctic frå Solstad. No kan det sju år gamle subseaskipet Rem Installer (no Normand Jarl) vere det neste som Herøy-selskapet får tilbake etter at Solstad overtok skipet i 2016.
Nytt

Jaktar fleire skip frå Solstad

Åge Remøy meiner at om det er eitt selskap som kan overleve dagens offshoremarknad, så er det Rem Offshore.

13.05.2020
- Vi har relativt lite gjeld, vi har overtatt skipa til relativt lave prisar, vi har dei fleste på langsiktige avtalar og vi har dei klart lavaste driftskostnadene av dagens offshoreselskap.
- Akkurat no ser det frykteleg tungt ut for alle, men om det er eitt selskap som kan overleve i ein slik marknad, så er det vi.
Det seier Åge Remøy etter at det Fosnavåg-baserte selskapet nyleg har overtatt den fem år gamle PSV-en Normand Skude frå Solstad-flåten.
Skipet heitte tidlegare Rem Arctic og var det siste skipet gamle Rem overtok før selskapet i 2016 vart slukt av Kjell Inge Røkke og Lars Peder Solstad bak Solstad Offshore.

Russisk oppdrag

Det 87,2 meter lange Kleven-bygde skipet er spesialbygd for operasjonar i Arktis, og skal no på oppdrag i Karahavet i Russland etter å ha vore inne til femårsklassing ved Myklebust Verft.
- Vi har fått ein avtale som sikrar økonomien eitt år fram i tid, seier Remøy, som er styreleiar i Rem Offshore.
Rem Arctic kosta 345 millionar kroner i 2015. Rem Offshore har no truleg betalt under 200 millionar kroner for skipet.
- Vi har gjort ein avtale med Sparebank SMN til vilkår som begge partar er fornøgde med, seier Remøy.

Rem Installer, Rem Commander og Rem Fortress

Sparebank SMN er ein av bankane som ikkje har sagt ja til Solstad Offshore sin omfattande restruktureringsavtale.
Banken har også pant i dei tidlegare Rem-skipa Rem Installer (no Normand Jarl), Rem Commander (Normand Nayley) og Rem Fortess (no Normand Falnes).
Det 107 meter lange Kleven-bygde subseaskipet Rem Installer frå 2013 var av flaggskipa i den gamle Rem-flåten på 16 skip som vart ein del av Solstad-konsernet.

- Vi kan kjøpe, Solstad må selje

Åge Remøy seier at Rem Offshore ser på fleire skip, og har mål om å utvide flåten som no tel elleve skip etter kjøpet av Rem Arctic.
- Det er mykje som er snudd på hovudet sidan Solstad overtok oss i 2016.
- No er det vi som er i posisjon til å kjøpe, medan Solstad må selje.
Det Skudenes-baserte selskapet planlegg å redusere flåten frå 127 til 90 skip, og der 14 skip er planlagt skrapa.

Ser etter nyare skip

På salslista står ikkje dei tidlegare Rem-skipa Normand Jarl, Normand Naley eller Normand Falnes. Der står derimot Normand Provider og Normand Supplier, tidlegare Rem Provider og Rem Supplier.
Begge desse to siste skipa ligg i opplag på Moltu, og er 13 og 10 år gamle.
Åge Remøy seier at Rem Offshore i utgangspunktet ser etter nyare skip.
- Ja, vi forventar å gjere avtale om kjøp av fleire skip, og relativt nye og moderne skip.

Tente på aksjane

Sjølv om han var sterkt kritisk til måten Solstad Offshore overtok Rem Offshore på, seier han at det uansett er trist å sjå utviklinga for selskapet.
- Marknaden har utvikla seg heilt katastrofalt, men samstundes viser det som har skjedd at dei tok feil alle dei som sa at det var best å samle mest muleg under Solstad-paraplyen.
Sjølv selde Remøy sine Solstad-aksjar til 13 kroner aksjen.
- Eg fekk aksjar for 115 millionar kroner, og selde for 116 millionar, så eg kom godt ut av det heile.
- Langt verre har det gått med andre aksjonærar som har satsa pengar på selskapet, og det er trist.

Trur ikkje alle vil overleve

Remøy starta nye Rem Offshore saman med islandske Thorsteinn Mar Baldvinsson og svensk-sveitsiske Magnus Roth då trioen samla la 500 millionar kroner på bordet for å byggje opp att eit nytt offshoreselskap.
Åge Remøy vedgår at også han er uroleg for situasjonen og er redd for at offshorekollapsen til slutt også vil ramme Rem Offshore.
- Ja, eg er absolutt redd for korleis dette skal ende, og vi er forsiktige i dagens situasjon.
- Men vi er trass alt i ein langt betre posisjon enn dei fleste andre. Vi har trua på at det finst lysning lenger framme, men vi trur dessverre ikkje at alle av dagens offshoreselskap vil overleve den tsunamien vi no opplever.
Akkurat no ser det frykteleg tungt ut for alle, men om det er eitt selskap som kan overleve i ein slik marknad, så er det vi

Publisert: 13.05.2020 13:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57