Jacobsen tok fram sparkniven
KUTT: Mange små kostnadskutt gjorde krympa underskotet kraftig for Johs. Jacobsen Kjøtt i fjor. I år har dagleg leiar Stig Jacobsen 20 prosent vekst, og ventar eit resultat i pluss.
Nytt

Jacobsen tok fram sparkniven

Ei rekkje sparetiltak betra lønsemda for Johs. Jacobsen Kjøtt i fjor.

12.06.2018

Kjøttforedlingsbedrifta i Volda har hatt fallande driftsinntekter over fleire år og har dei siste fire åra og hatt eit lite underskot.

I fjor tok dagleg leiar Stig Jacobsen fleire grep for å få kostnadane ned. Det handlar om ei rekkje små tiltak som i til saman reduserte underskotet, seier han. (sjå tabell)

Kostnadsreduksjonen kom utan oppseiingar og permitteringar, men folk som har slutta er ikkje fullt ut erstatta, i følgje Jacobsen. Bedrifta har ni tilsette.

20 prosent opp
Så langt i år ligg Johs. Jacobsen an til 20 prosent auke i driftsinntektene, og også auke i lønsemda, seier Jacobsen.

Johs. Jacobsen er mellom anna underleverandør til Nordfjord Kjøtt, og auka etterspørsel derifrå saman med større leveransar til ein ikkje namngitt større aktør i bransjen er grunnen til veksten så langt i år.

Jacobsen trur og ein god start på grillsesongen er ei av dei underliggande årsakene til veksten i år.


Johs. Jacobsen Kjøtt as

Tal i mill. kroner

2017

2016

Driftsinntekter

30,3

34,5

Driftsresultat

-0,2

-1,2

Resultat før skatt

-0,2

-1,2


Publisert: 12.06.2018 09:53

Sist oppdatert: 08.06.2021 12:45