Italiensk vindkraftutbygging paa Stad
UTBYGGING: Her kjem dei fem vindturbinane på Stad.
Nytt

Italiensk vindkraftutbygging på Stad

Organisasjonen Motvind Norge protesterer, men olje- og energiminister Tina Bru sa tysdag endeleg ja til bygging av vindkraftverk på Stadlandet.

25.03.2020
Bak satsinga står det italienske energiselskapet Falck Renewables, som i 2017 la nær 60 millionar kroner på bordet for å kjøpe 80 prosent av aksjane i Vestavind Kraft.
Frå før har selskapet fått ja til vindkrafutbygging i Bremanger, no har selskapet fått endeleg ja til å byggje fem turbinar i Okla vindkraftpark på Stadlandet i nye Stad kommune.
Prosjektet på Stad fekk konsesjon i 2013, og ei planendring vart godkjent av NVE i juni 2019. deretter kom det mange protestar, inkludert innbyggjarinitiativet , som på kort tid fekk over 4.000 medlemar.

- Ingen nye argument

Også jakt- og fiskelag, lokale turlag og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane klaga.
Men klagarane vart ikkje høyrde, og departementet viser til at det ikkje er framkome nye argument som gir grunnlag for å omgjere konsesjonsvedtaket.
Men utbygginga blir likevel litt endra.

151 meter høg

Blant anna vert det fem, og ikkje seks vindmøller, men desse får også større vingesveip.
Den eine vindmølla vert 151 meter høg, dei fire andre 148,5 meter.
Departementet viser til at kildestøyen vert redusert. Den indre vegtraseen blir også kortare, og at dei negative konsekvensdane for natur og miljø også blir reduserte.

Publisert: 25.03.2020 10:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54