Italiensk optimisme etter tungt fjoraar
BRULØYSING: Seaq Bridge-løysinga frå Vard Electro. 
Nytt

Italiensk optimisme etter tungt fjorår

Etter eit tungt 2018, er det ny optimisme i Vard Electro etter tap på cruise- og ferjekontraktar. Den italienske eigaren ser lysning.

20.08.2019
Kostnadsoverskridingar for arbeid på cruise- og ferjekontraktar ved Vard-verfta, resulterte i at Vard Electro i 2018 fekk eit resultat før skatt på minus 80 millionar kroner av ei samla omsetning på vel 1,3 milliardar.
Tapa hadde vore endå større om det ikkje var for gode resultat ved Vard Electro sine dotterbedrifter i Brasil og Romania.

Stor gevinst i Brasil

Vard Electro Tulcea hadde eit positivt driftsresultat på 18,9 millionar kroner, medan Vard Electro Braila bidrog med 17,7 millionar kroner.
Men aller best gjorde Vard Electro Brazil det med eit positivt driftsresultat på 54,2 millionar kroner.
Totalt bidrog dotterselskapa med 109 millionar kroner, der det også var plusstal for Vard Electro sine dotterselskap i Italia og Canada, medan det vart eit lite minus i India.

Italiensk garanti

Dette går fram av årsrapporten til Haram-bedrifta, som er 100 prosent eigd av italienske Fincantieri gjennom Vard Group.
Ved årsskiftet var eigenkapitalen nede på 30 millionar kroner, og den samla gjelda på vel 1,3 milliardar kroner. Dette førde til at Fincantieri etablerte ein formell garanti for å tilføre tilstrekkeleg kapital om det skulle vere nødvendig.
Denne garantien gjeld fram til april 2020.
Men no skriv styret i årsrapporten at prognosene tilseier at det ikkje vert nødvendig å tilføre meir kapital utover det som kjem frå den ordinære drifta.

4,3 milliardar

Det vert blant anna vist til at selskapet har sikra seg fleire store kontraktar for levering av utstyr og tenster innanfor segmenta cruise, ferjer, kystvakt, akvakultur og andre spesialfartøy.
Det vert også vist til at det er auka interesse for Vard Electro sine produkt og kompetanse, noko som har ført til kontraktar utanom Vard-familien, ein trend som styret forventar vil halde fram.
Ved årsskiftet hadde Vard Electro ein samla ordrereserve på 4,3 milliardar kroner.
Det er godt nytt for dei rundt 800 tilsette, der rundt 300 er i Norge.
Styret skriv at ein har sikra tilnærma full sysselsetjing i 2019, samt delvis sysselsetjing heilt fram til 2024.

Skulesamarbeid

Styret opplyser også at for å skape interesse for elektrofaget og fremje rekrutteringa til yrket, har selskapet etablert eit nært samarbeid med elektrolinja ved Haram vidaregåande skule.
Ved utgangen av 2018 hadde Vard Electro sju TAF-elevar og seks lærlingar.
Sjukefråveret i 2018 var på 2,4 prosent, ein nedgang på 1,3 prosentpoeng frå året før.

Publisert: 20.08.2019 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38