It kostnadar trekkjer ned
IT-SATSING: Ørskog Sparebank-sjef Eirik Kavli legg fram eit halvårsreknskap med reduserte tap og auka kostnadar.
Nytt

It-kostnadar trekkjer ned

It-kostnadane aukar i Ørskog Sparebank.

18.08.2017
Banken byrjar å sjå teikn at investeringane i it-løysingar byrjar å gi effekt i form av meir effektiv drift, men førebels er verknandane ikkje store nok til å hindre at kostnadane steig i andre kvartal.
Stikk i strid med den genereller trenden i bankvesenet har Ørskog Sparebankn også auka bemanninga. Målet med både it-investeringane og fleire folk er å få opp inntektene, og det meiner banken framleis vil skje.


Tapa krympa

I første halvår hadde Ørskog Sparebank 3,7 millionar kroner i misleghaldne lån, mot 12,6 millionar i same periode i 2016.
Tapsutsette, men ikkje misleghaldne lån gjekk i same periode ned fra 58,2 til 54,9 millioner kroner.
Banken finansierer 87,29 prosent av utlåna sine ved innskot, og auka innskota med 5,14 prosent - til 1,7 milliardar kroner i siste 12. månaders periode.

Publisert: 18.08.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13