It konsern veks paa velferd
I VEKST: Avdelingsleiar Jan Nybø (t.h.) saman med Thomas Tømmernes som leiar Ateas si satsing på it-tryggleik.  
Nytt

It-konsern veks på velferd

Torsdag samlar Atea teknologispesialistar til Community Tech-konferanse i Ålesund. It-konsernet sjølv har vekst til 54 tilsette i Møre og Romsdal.

Marius Rosbach
12.09.2019

It-konsernet Atea er i vekst og det same er avdelingane på Nordvestlandet.

– Vi er no 54 tilsette og nærmar oss raskt 60 i Møre og Romsdal. Dei fleste jobbar ved avdelinga i Breivika i Ålesund, men vi har også kontor i Kristiansund og Fosnavåg, fortel Jan Nybø som leiar Ålesund-kontoret til NETT NO.

Konsernet som jobbar med teknologi og infrastruktur for it, er 1650 tilsette til saman og har kontor i 25 byar over heile landet. Det gjer dei størst i landet - og leiande på Nordvestlandet.

Storkundar i det offentlege

Dei største kundane kjem frå det offentlege.

– Vi har vekse mykje på velferdsteknologi både til institusjonar og privat heimar dei siste åra. I tillegg leverer vi til dømes mykje nettbrett til skular, fortel Nybø.

Han fortel at selskapet har enda litt fokus frå produkta, til korleis dei kan bidra til betre tenester, eller gi auka forretningsverdi. Også næringslivet elles er kundar – og Fosnavåg-avdelinga jobbar utelukkande mot den maritime næringa.

– Vi jobbar også med å gi bedrifter innsikt ved å analysere informasjonen dei sitter på, og nytte den til å drive meir effektiv, forklarar Nybø.

Tech-konferanse ved NMK

Torsdag samlar selskapet teknologiekspertar for å snakke ved Norsk Maritimt Kompetansesenter.

Til Community Tech-konferansen kjem kunnskapsrike folk som NTNU-professor Arne Krokan, teamleiar Fredrik Neubert for Cloud Platform i IBM og seniorrådgjevar Steinar Holmedahl i Sherpa by Atea.

– Målet vårt er at deltakarane skal tileigne seg ny kompetanse, og forstår korleis teknologien utfordrar ulike bransjar, vere seg fiskeri, havbruk eller verft – og samfunnsutviklinga generelt. Fleire er allereie i gong. No er tida inne for at dei som sitt på sidelinja også rustast for det som kjem, seier Nybø.

Tema på dagsorden er tryggleik, smartare byar og korleis ein kan nytte data til å gjere betre avgjersler og få betre drift. Det blir også arrangert tekniske «djupdykk» i lab for dei meir avanserte.

Store aktørar som Microsoft, HP, Cisco og Apple, samarbeider med Atea om konferansen, som også vil vere ein møteplass for tech-spesialistar her i regionen.

Publisert: 12.09.2019 08:31

Sist oppdatert: 05.03.2021 08:05