Islandsk fullklaff for Vard
ISLAND: Vard Aukra skal i løpet av 2019 levere sju islandske hekktrålarar.
Nytt

Islandsk fullklaff for Vard

Vard Aukra skal byggje sju islandske hekktrålarar.

05.12.2017
Total kontraktssum er rundt 700 millionar kroner for dei islandske fiskefartøya, opplyser Vard i ei pressemelding søndag.
Fartøya skal leverast til dei islandske reiarlaga Bergur-Hugin, Utgerdarfelag Akureyringa, Gjögur and Skinney-Thinganes, alle tradisjonsrike reiarlag på Island.
Dei sju båtane er 29 meter lange og 12 meter breie, og vil verte bygde og utrusta ved Vard Aukra. Alle skal leverast i 2019.

Permanent-magnetar

Dei islandske fiskefartøya er utvikla i samarbeid mellom Vard og reiarlaga. Vard opplyser at kvar av båtane vil ha store tråldekk og med trålvinsjer som er drivne av elektrisk permanent-magnetisk teknologi.
Skipa vert utrusta for å operere i røffe vêrforhold.
Dei to første skipa skal leverast til Bergur-Hugin i første og andre kvartal 2019, og skal erstatte dagens to skip som reiarlaget har.

Mar Baldvinsson

Det tredje skipet er til Utgerdarfelag Akureyringa, som er dotterselskap til fiskerigiganten Samherji.
Deira skip vil også vere klar for levering i andre kvartal 2019.
Samherji-direktør Thorsteinn Mar Balvinsson har bygt ei rekkje fiskefartøy i Norge. Han viser i pressemeldinga at selskapet har nære relasjonar til Vard, og at ein store forvrntningar til dei nye skipa, som er utvikla i samarbeid med Vard.
Det fjerde og femte skipet går til Gjökur, og skal leverast i andre og tredje kvartal i 2019, medan Skinney-Thinganes får dei to siste skipa i tredje og fjerde kvartal 2019. Dette selskapet har bestått i 70 år, har åtte fiskefartøy og sit på mykje kvoter.
Vard-direktør Roy Reite er strålande fornøgd med kontrakten, og viser i pressemeldinga til at satsinga på fiskefartøy er ein lekk i Vard sin strategi om å satse på nye forretningsområde.

Publisert: 05.12.2017 04:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16