Island Offshore tar tilbake skip
ULSTEINVIK: Driftsansvaret for Defender, no Island Defender, vert overført frå Kristiansand til Ulsteinvik.
Nytt

Island Offshore tar tilbake skip

Har tatt over drifta av Island Defender frå Viking Supply Ships.

07.08.2020

Ulstein-baserte Island Offshore har tatt over drifta av plattformforsyningsskipet Island Defender frå det Christen Sveaas-kontrollerte offshoreselskapet Viking Supply Ships.

Det skriv Finansavisen.

Island Defender er 86 meter lang og 18,5 meter brei med eit dekksareal på 900 kvadratmeter.

Skipet har lugarkapasitet for 26 personar.

Overtatt av Vard
Båten vart opphaveleg bestilt av Island Offshore i 2014, og var under bygging av Vard Brevik.

Men etter at Island Offshore fekk store økonomiske problem i offshorenedturen, valde selskapet å selje skipet. Kjøpar vart Vard som gjennom Shipyard Group Vard over eigarskapen av skipet, som vart slept frå Brevik til Brattvåg og ferdiggjort der.

I september i fjor overtok Kristiansand-selskapet Viking Supply Ships driftsansvaret.

- Vi er ikkje inne på eigarsida av skipet, vi er inne 'kun' som managerar, både teknisk og kommersielt, opplyste adm. dir. Trond Myklebust i Viking Supply Ships til NETT NO.

Les her: Dette Vard-skipet har fullført første oppdraget

Ny kontrakt
Til Finansavisen opplyser adm. dir. Tommy Walaunet i Island Offshore at selskapet nyleg har fått kontrakt til PSV-en Island Challenger som skal støtte ConocoPhillips med boring av inntil to brønnar.

Her skal også Eidesvik Offshores Viking Princess bistå.

- Marknaden generelt er svært svak. Nokre positive meldingar frå oljeselskap med omsyn til framtidig aktivitet gir grunn til litt optimisme, seier Walaunet.


Publisert: 07.08.2020 16:38

Sist oppdatert: 28.06.2022 12:59