Island Offshore stort nok
VIL SEGLE ÅLEINE: Island Offshore meiner er stort nok til å klare seg utan å gå inn som ein del av eit større norske offshorereiarlag.
Nytt

Island Offshore stort nok

Island Offshore er stort nok til å stå åleine, og har dessutan alliansepartnaren Edison Chouest med seg.

01.06.2016
- Vi er allereie ein del av eit system med våre partnarar i USA, seier administerande direktør Håvard Ulstein i Island Offshore.
Han vil ikkje avvise initiativet frå Kristian Siem om å bygge opp eit større norsk offshorereiarlag, men meiner det ikkje er rett av Island Offshore å gå inn på ein slik plan. Siem har arbeidd med å etablere eit fond som skal investere i den kriseråka offshorenæringa, med samling til eit stort reiarlag som mål.

Slik Ulstein ser det er Island Offshore stort nok til å drive åleine, og spesielt på grunn av partnarskapen med den amerikanske Edison Chouest-familien, som er blant dei største offshorefarty-aktørane i Mexicobukta, med ein flåte på over 200 skip.

Større slagkraft

Siem offentleggjorde planane sine på konferansen Petro Finans i regi av Sparebanken 1 SR-Bank i går.
Der fortalde han at han har arbeidd sidan i fjor haust med å få på plass eit investeringsfornd som kan gå inn i offshorenæringa. No er fondent klart, med det amerikanske hegdefondet Elliot som partnar. Fondet er på rundt to milliardar kroner, og Siem inviterer aktørane i næringa til å bli med på planane.
Eit stort reiarlag vi ha større slagkraft i marknaden og få lavare kostnadar, argumenterer han. Dersom ingen vil vere med, vil fondet uansett få mange høve til å invester i næringa, meiner Siem. Han ventar at både aksjeverdiar, gjeld, obligasjonar og skipsverdier vil falle vidare framover.

Ramla ikkje av stolen

-Vi datt ikkje av stolen av dette her, seier administerande direktør Njål Sævik i Havila Shipping om Siem sine planar.
Han seier det har vore kjent i marknaden sidan i fjor haust at Siem har arbeidd for å etablere eit investeringsfond.
- Når det blir krise er det alle tider opportunistar som posisjonerar seg, seier Sævik.
Han viser til at Havila Shipping tidlegare har sagt at selskapet ikkje ser bort frå ei konsolidering i bransjen, men understrekar at selskapet først må refinansiere seg før det er aktuelt å gå inn i samtalar med andre.

Solstad starta debatten

Lars Peder Solstad i Solstad Offshore dro i slutten av februar i år i gang debatten om ein konsentrasjon i den norske offshorenæringa. Han ville ha færre og større reiarlag og sa til Dagens Næringsliv av Solstad Offshore ville delta i ein diskusjon om korleis det skal gjerast.
Han fekk umiddelbart støtte frå toppsjefen i Siem Offshore, Idar Hillersøy. Hillersøy sa til Dagens Næringsliv at han støtta ideen om eit stort selskap, og meinte det ville kunne påverke marknadne for subsea- og ankerhandteringsfarty. For plattformforsyningskips er det så mange aktørar at sjøklv ikkje ei samling av Dof, Farstad, Siem og Solstad ville vere nok til å kunne påverke marknaden.

Bank-ja

DNB har tidlegare i år gått ut med klart støtte til samling i færre og større reiarlag.

I samband med restruktureringsarbeidet har banken også lagt fram ideen om ei samling av offshore-reiarlaga i Herøy.

Publisert: 01.06.2016 13:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57