Island Offshore ser lyspunkt etter kraftig minus
ISLAND OFFSHORE-DIREKTØR: Tommy Walaunet tok over sjefsstolen i reiarlaget etter Håvard Ulstein førre månad. 
Nytt

Island Offshore ser lyspunkt etter kraftig minus

Reiarlaget fekk store minus i rekneskapen i 2018, men varslar betre resultat i år.

Marius Rosbach
11.10.2019
Administrerande direktør Tommy Walaunet i Island Offshore fortel til at dei ventar ei betring i driftsresultatet resultatet på kring 30 prosent i år.
Reiarlaget fekk eit stort underskot i 2018 frå ei omsetning på 1,6 milliardar. Men Ulsteinvik-selskapet som er eigd 50/50 av og amerikanske Edison Chouest, vil ikkje gått ut med dei konkrete tala.

Berre to skip i opplag

Den nytilsette reiardirektøren påpeiker til NRK at reiarlaget ikkje er friskmeldt, og dei tapar framleis pengar. Men Walaunet ser lyspunkt etter at dei har sikra seg fleire nye kontraktar.
Ifølgje kanalen har reiarlaget no berre to av 28 skip i opplag.
at Island Offshore har sikra seg ein eittårskontrakt og ein halvtårskontrakt for skipa sine. Då kunne Walaunet ikkje opplyse fleire detaljar om oppdraga.

Les også:


Island Offshore-direktør:

Høgste aktivitet på fem år

Bodskapen til Walunet då han for første gong i september, var at det var ting å glede seg over – trass i at dei framleis har tøffe tider.
Han fortalde at det hadde vore «ein fenomenal auke i aktivitet dei siste seks-sju månadene», og kunne vise til eit aktivitetsnivå på høgde med hausten 2014.
Island Offshore har vore tidleg ute med å sikre seg refinansiering samanlikna med andre reiarlag, men innan eitt år må dei lande ein ny avtale med bankane for å handtere gjelda vidare.

Les også:



(I den første versjonen av denne saka blei det opplyst at driftsresultatet i 2018 enda på minus 350 millionar kroner, men reiarlaget avviser at det er rett og vil ikkje opplyse det korrekte talet, journ. anm.)

Publisert: 11.10.2019 13:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41