Island Offshore permitterer
ULSTEINVIK: Island Dawn og island Express i opplag i Ulsteinvik. No vert også Island Frontier og Island Wellserver tatt ut av arbeid i vinter.
Nytt

Island Offshore permitterer

Island Offshore legg pengemaskinene Island Frontier og Island Wellserver i førebels opplag.

06.10.2015
Dette skriv tysdag.
Dei to brønnintervenskonsskipa har gått på sesongbaserte kontraktar for Statoil, men går ut av kontraktane frå midten av oktober fram til 1. april.
Viseadministrerande direktør Tommy Walaunet seier til avisa at det vert snakk om permitteringar.
– Vi blir eksponerte for ei stilleperiode i vinter, og forventar difor å måtte permittere folk. Vi har derimot ikkje fastsette tal enno, seier Walaunet.

Har fått ros

Island Offshore har elles fått stor ros for at selskapet så langt har greidd seg utan å seie opp ein einaste av sine tilsette.

Tilsette i selskapet har også gått kollektivt ned i løn for å gjere ein felles innsats i den vanskeleg perioden offshorereiarlaga er inne i.

Island Offshore har fire store brønnintervensjonsfartyøy. Dette er , og stod i andre kvartal for nesten halvparten av innteninga.

Kollektivt permitteringsvarsel

Tysdag vart det klart at Farstad Shipping sender permitteringsvarsel til alle sine sjøfolk.

Publisert: 06.10.2015 13:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:47