Island Drilling sjef Toler at ting tar tid
FORHANDLAR: Island Drillings rigg "Island Innovator" ligg i opplag medan selskapet forhandlar med kreditorane.
Nytt

Island Drilling-sjef: Toler at ting tar tid

Riggselskapet Island Drilling kan vente både haust og vinter, men vil helst ha ei rask avklaring med långivarane.

08.07.2016
Island Drilling oppfyller ikkje lånevilkåra, og melde tidlegare i år at det har stoppa betaling av renter og avdrag medan det forhandlar med kreditorane om ei refinansiering av selskapet.

- Diskusjonane har vore positive, seier administrerande direktør Roger Simmenes i Island Drilling. Forhandlingane starta først med bankane, og frå mai/juni og med obligsjonslångivarane.

Varmt opplag

Riggen "Island Innovator" bora sin førebels siste brønn tidlegare i år og ligg no i såkalla "varmt opplag" ved Hanøytangen i Hordaland. "Varmt opplag" betyr at den er bemanna og vedlikhalden for å kunne settast i drift på kort varsel, og slik er planen det skal vere framover også, i følgje Simmenes.
"Island Innovator" var utleigd til oljeselskapet Lundin for å bore tolv brønnar. Det langvarige oppdraget gjorde at selskapet hadde gode inntekter sjølv om riggmarknaden var på full fart nedover, men då kontrakten gjekk ut tapte Island Drilling kampen om nye oppdrag for det svenske oljeselskapet.

Toler at ting tar tid

Selskapet har kapital nok til å tole dagens situasjon både i haust og utover vinteren, i følgje Simmenes.
Men målet er å få er rask avklaring i forhandlingane, som vil pågå gjennom sommaren og blir tatt opp for fullt igjen i midten av august. Simmenes vil ikkje kommentere kva løysingar som blir vurdert.
Lånevilkåra er ikkje blitt letta på. Tvert i mot har både DNB, som står i spissen for banklåna, og Nordic Trustee, som representerer obligasjonslångivarane, sendt selskapet brev med ei formell påminning om sine krav, i følgje reknskapsrapporten for første kvartal.

Trond Mohn er med

Bergensmilliardæren Trond Mohn, ein nær ven av storaksjonær Morten Ulstein, eig direkte 10,1 prosent av aksjane i riggselskapet. Som långivar spelte han ei sentral rolle i refinansieringa av Island Offshore og er etter det NETT NO har grunn til å tru også ein av långivarane i Island Drilling sitt obligasjonslån.

Island Drilling har ei gjeld på 413 millionar dollar. Med dagens kurs utgjer det 3,5 milliardar kroner. Fordi selskapet ikkje oppfyller lånevilkåra er heile gjelda, også obligasjonslånet på rundt 137 millionar dollar, bokført som kortsiktig gjeld.
Etter nedskriving av riggverdien med 370 million dollar i fjerde kvartal i fjor har selskapet ein negativ eigenkapital.

Publisert: 08.07.2016 11:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58