Island Drilling i pluss i andre halvaar
PENGAR INN I KASSA: Frå september i år reknar Island Drilling med at boreriggen Island Innovator skal gi meir pengar inn i kassa enn det går ut. 
Nytt

Island Drilling i pluss i andre halvår

- Moderne riggar vil ha eit godt liv framover, seier styreleiar og medeigar Morten Ulstein i Island Drilling.

24.07.2019
Island Drilling hadde ein langvarig kontrakt for boreriggen Island Innovator med oljeselskapet Lundin då oljeprisen fall i 2014, men då kontrakten var fullført våren 2016 fekk også Island Drilling merke nedturen direkte.

2018 blei eit nytt år i minus (sjå tabell), men no er nedturen over. Morten Ulstein seier andre halvår i år isolert sett vil gi eit positivt driftsresultat for selskapet.
- Marknaden snudde i fjor, seier han.

Høgare rate

I følgje ligg selskapet an til å får rater på rundt 200.000 dollar dagen i 2019 og rundt 250.000 dollar dagen i 2020.
Riggselskapet har tre hovudeigarar, Trond Mohn i Bergen, Chouestfamilien i USA og ei grein av Ulsteinfamilein i Ulsteinvik. Dei er også partnarar i offshorereiarlaget Island Offshore.
I samband med refinansieringa i 2017 skreiv Island Drilling ned verdien av aksjane i selskapet til null og gjorde om gjeld til aksjar. Storaksjonærane Ulstein, Chouest og Trond Mohn gjekk inn med kvart milliard kroner og har også støtta selskapet med likviditetslån etterpå. Selskapet ventar å få ein positiv kontantstraum i september i år, og fram til då vil eigarane i gitt i alt 23 millionar dollar i likviditetslån, i følgje årsmeldinga.

Reknar med forlenga avtale

Selskapet oppfyller ikkje kravet i låneavtalen til kor mykje kontantar det må ha, men har ein avtale med bankane som gir klarsignal for vidare drift og Morten Ulstein reknar med at avtalen blir forlenga. Kravet et 10 millionar dollar, status ved utgangen av 2018 var 2,6 millionar dollar.
-Vi har ein god dialog, slik at det ikkje er ein prekær situasjon. Den avtalen vi har blir med all sannsynlegheit forlenga, eventuelt med mindre endringar, seier han.
Marknaden snudde i fjor

Publisert: 24.07.2019 16:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37