Inviterer til opning av Skaparhuset
ULSTEINVIK: Skaparhuset i ULstein med dagleg leiar Kjersti Kleven inviterer til opning av Skaparhuset i Ulsteinvik sentrum i august. 
Nytt

Inviterer til opning av Skaparhuset

– Gler meg veldig til å puste liv i denne unike møteplassen, seier dagleg leiar Kjersti Kleven.

Marius Rosbach
09.07.2020
Møteplassen Skaparhuset i Ulsteinvik inviterer til opning fredag 14. august. Sjølve opningsdagen er planlagt i to delar – først ein for inviterte gjestar og ope for alle utover kvelden.
– Vi har jobba lenge med å sette i stand lokalet og no gler eg meg veldig til å puste liv i denne unike møteplassen for innovasjon og læring. Ein arena for læringslivet, rett og slett.», uttalar dagleg leiar Kjersti Kleven i ei pressemelding i samband med invitasjonen.
Same helga som Skaparhuset opnar, går Trebaatfestivalen av stabelen i Ulsteinvik.

Håpar på betre match

Skaparhuset skal vere ein møteplass både skule, næringsliv og kommune kan nytte.Fleire aktørar på slutten av fjoråret samla til ein idedugnad om kva prosjektet skulle innehalde.
Ein del av temaet har vore om ein skal utdanne ungdom til det dei vil gjere, eller det næringslivet har behov for.
– Det er ein utfordrande balanse, men vi trur dette kan vere ein arena der næringslivet kan gjere undervisninga meir relevant. I ei tid då bedriftene i mindre grad er opne for ungdom, så kan dette vere eit treffpunkt der ein også får synleggjort kva for jobbar som finst. Slik kan ein kanskje håpe på at matchen mellom kva ungdom ønskjer, og kva som er mogleg, blir betre, sa Kjersti Kleven til NETT NO den gong.

Har satsa på teknologi

NCE Ikuben tok initiativ til prosjektet saman med Ulstein kommune.
Kommunen har i skulen og arrangerer mellom anna kodeklubb for skuleelevar. Med Skaparhuset ønsker dei ei større samansmelting mellom skule og arbeidsliv.
No er også følgande med i arbeidet: Høgskulen i Volda, Mafoss, ProtoMore kunnskapspark, Sparebanken Møre, Ulstein Næringsforum, Ulstein vidaregåande skule og ÅKP. Prosjektet har fått økonomisk støtte av Møre og Romsdal Fylkeskommune og Sparebanken Møre.

Les også:



Publisert: 09.07.2020 14:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59