Investeringar skal gje god salsvekst
HELLESYLT:  Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal i Ole Ringdal as.
Nytt

Investeringar skal gje god salsvekst

Det vart eit bra år for Ole Ringdal i fjor også, sjølv om dei merkar auka konkurranse og trykk frå kjedene. 

Kristin Vidhammer
10.08.2018
Ole Ringdal as på Hellesylt driv slakteri og produksjon av ferske kjøtvarer og spekemat. Dei slakta i fjor 894 tonn, ein oppgong på 2,6 prosent i forhold til året før.
Driftsinntektene vart i fjor 142 millionar, som er ein liten nedgong frå året før. Resultat før skatt vart 16,7 millionar kroner, mot 14,2 millioner året før (sjå tabell).
Styret skriv i årsmeldinga at dei budsjetterer med betydleg auke i salsvolum i 2018 som ein konsekvens av nytt klima- og fryserom som er venta ferdig sommar/hausten 2018.

Merkar konkurranse og trykk frå kjedene

Styret skriv at dei merkar ein stadig strammare konkurranse blant dei store matvarekjedene, men at spekemat, pølser og pålegg som er tufta på tradisjonsrike oppskrifter og gode råvarer legg gunnlaget for å oppretthalde og auke marknadsandelane.
- Selskapet føler stadig trykk frå kjedene og dei store aktørane i bransjen. Men med vår allsidigheit har vi alle føresetnader for å hevde oss godt i bransjen også i framtida. Auka produksjonskapasitet vil også gje oss mulegheit til å foreta auka leigeproduksjon, skriv dei.

Fortset å investere

Dei starta i fjor bygging av nybygg som skal romme spekematavdeling med nye klimarom og nytt fryseri. Dermed sparar dei også miljøet og unngår å bruke avgiftsbelagte miljøgassar. Prosjektet er budsjettert til 50 millionar kroner, der investeringane i fjor var ca. 25 millionar.
Ifølgje årsmeldinga, vil investeringa gje ein framtidig meir effektiv produksjon og skape rom for auka produksjonsvolum, som vil skape ytterleg vekst for slakteriet. Investeringa vil samtidig gje innsparing i faste utgifter til energi.
Dei har frå før gjort betydlege investeringer i oppgradering og vedlikehald av anlegget, samt investeringer i maskiner, slik at anlegget held ein høg teknisk standard.

Betre drift og store finansinntekter

Resultatauken i fjor skuldast i hovudsak betring i drifta.
I likheit med året før, kjem nærmare halvparten av resultatet frå finansinvesteringar. Selskapet fekk i fjor finansinntekter på 8,5 millionar kroner, der 2,4 millionar er urealiserte gevinstar.
Selskapet hadde ved årsskiftet aksjar, obligasjoner og andre finansielle instrument på 54 millioner, i tillegg til bankinnskot på 58 millioner kroner.
Bokført eigenkapital var ved årsskiftet nærmare 130 millionar, noko som tilsvarer ein eigenkapitaldel på 76 prosent.
Les også:
Selskapet hadde ved årsskiftet 72 tilsette fordelt på 50 årsverk.

Publisert: 10.08.2018 06:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25