Investerer tungt i avlusing
MED AVLUSINGSANLEGG: Brønnbåten Ro North er ein av fleire i Rostein-flåten med anlegg for avlusing av oppdrettsanlegg på dekk. 
Nytt

Investerer tungt i avlusing

Avlusingsanlegg står øverst på investeringslista hos brønnbåtreiarlaga Rostein og Sølvtrans.

07.03.2017
Då nybygget "Ro Server" vart døypt i fjor sommar var lusefjerningsanlegg allereie ombord.
I fjor vart det også plassert ei avlusingsanlegg ombort i "Ro Fjell" og då "Ro North" var klart for overlevering i november var også det med avlusingsanlegg ombord.

Alle anlegga brukar lunka vatn for å ta knekken på lakselusa, som er ein plagsom parasitt både for oppdrettslaks og vill laks. Laksen blir pumpa ombord og gjennom anlegget der den får eit kort bad i lunka vatn før den vert sendt ut i sjøen igjen.

Revolusjon

Viseadministerande direktør Glenn Bradley i Rostein kallar bruken av lunka vatn ein revolusjon i arbeidet mot lakselus. Kjemikaliar og hydrogenperoksyd har tapt effekt på grunn av resistens hos lusa, og er på veg ut.
- Desse tre båtane gjer at vi nesten utelukkande behandlar med varmt vatn, seier Bradley.
Det første anlegget Rostein fekk montert var ein såkalla Termolizer frå utstyrsleverandøren Steinsvik. Anlegga Rostein har kjøpt etterpå er levert av Optimar. I år skal også "Ro West" og "Ro Artic" få slike anlegg.
Bradley vil ikkje talfeste kor stor investeringane i luseanlegga er til saman ut over å seie at det snakk om "betydelege beløp".

Må ha kapasitet

Sølvtransbåten "Øystrand" ligg nett no ved Valderøya for å få montert to avlusingsanlegg på dekket. Også "Ronja Ocean" - som blei døypt i helga - får to anlegg ombord.
Snart skal også eit mindre anlegg - frå ein ny leverandør av slike anlegg - testast ut på ein av dei mindre brønnbåtane til Sølvtrans.
Administerande direktør Roger Halsebakk i Sølvtrans seier reiarlaget legg vekt på å kunne tilby stor kapasitet til oppdrettarane. Det er lønsamt å kunne rense store mengder fisk for lakselus på kort tid, men det må samstundes skje på ein måte som gjer at fisken kan handterast varsamt for å minimere stress og skader.

Byggeboomen over

I 2014 vart det tinga i alt ni brønnbåtar ved norske verft, med ein samla kontraktsverdi på 2,7 milliardar kroner.
Byggeboomen dabba av utover i 2015. Rostein har ikkje tinga ny båt sidan 2015 og Sølvtrans si siste bestilling vart offentleggjort tidleg i 2016. Begge reiarlaga seier det ikkje er aktuelt å bygge på spekulasjon.
Bradley seier Rostein skal ha ein kontrakt før det er aktuelt med nybygg, Halsebakk at Sølvtrans skal vere heilt trygg på at der er kundar som vil ha ny båt. Han held og døra på gløtt for at det kan kome ei ny kontrahering.
- Det kan tenkjast at der er ting som ikkje er så veldig langt i frå, seier han.

Samarbeid

Lakselusanlegg som brukar lunka vatn har blitt ein stor suksess for utstyrsleverandøren Optimar.
Det første anlegget vart plasserte på eit arbeidsledig forsyningsskip frå Farstad Shipping og testa ut på fleire Fjordlaks-anlegg i Storfjorden.

Anlegga er bygd for å kunne plasserast både på flåtar og på dekket av ein brønnbåt.


Desse tre båtane gjer at vi nesten utelukkande behandlar med varmt vatn

Publisert: 07.03.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06