Investerer og satsar paa kvitfisk
SANDSHAMN: Sandefisk i Sande kommune slit med råstofftilgong, men Ole Sande og Gjermund Bringsvor har skaffa seg leverandørar langs heile kysten som leverer til salsselskapet Finefish. 
Nytt

Investerer og satsar på kvitfisk

Ole Sande og Gjermund Bringsvor ser store vekstmoglegheiter for salsselskapet Finefish, men ser ikkje like lyst på framtida for fiskemottak på Søre Sunnmøre.  

Kristin Vidhammer
11.07.2016
Det er sviktande råstofftilgong som er hovedutfordringa til fiskemottaket Sandefisk på Sandshamn og som dei eig.
Ole Sande og Gjermund Bringsvor er sterkt bekymra for framtida for fiskemottak på Søre Sunnmøre.
- Største problemet med å drive mottak er råstofftilgong. Store delar av året manglar vi råstoff og vi ser at vi heile tida er nødt til å betale meir for å skaffe råstoff enn det tilsvarande anlegg meir sentralt, som Fosnavåg og Ålesund, må gjere, seier Ole Sande.
Sande meiner også at den minste sjarkflåten er ein utdøande rase - og der flåten strukturerar seg og mange også blir seld nordover.
- Råstofftilgongen legg derfor ei klam hand på mulegheiter for vidare vekst i Sandefisk, seier han.

Investerte i autolinebåt

Ole Sande er saman med Gjermund Bringsvor hovedaksjonær i både Sandefisk og salsselskapet Finefish. I fjor kjøpte Bringsvor og Sande seg også inn i autolinebåten MS Eldorado. Dei ser heller ikkje vekk frå yttarlegare investeringar i fiskefarty.
- Vi eig 40 prosent i båten og hensikta er å demme opp for det manglande råstoffet til Sandefisk og der båten skal drivast heile året, seier Sande.
Sandefisk driv mottak, filetering og pakking av fersk kvitfisk og levande skaldyr. Dei har eigen hummerpark med lagringskapasitet på inntil 10 tonn, noko som gjer at dei kan strekke salsperioden for levande hummer.
- Vi er ein av dei som sel mest hummar i landet, men det utgjer likevel berre 2-3 prosent av omsetninga i salsselskap Finefish, seier Sande.

Resultat Sandefisk

Sandefisk har hatt ei omsetning i størresesorden 43-50 millionar kronar dei seinare åra. Omsetninga i fjor vart 45 millionar kroner, noko som var ein liten nedgong frå året før. Resultatet før skatt vart 1,3 millionar kroner.
- Vi er relativt bra fornøgd med resultatet i fjor. Resultata siste åra har imidlertid vore prega av store investeringar og utbyggingar, og vi vil få eit noko bedre resultat i år enn i fjor. Men vi ser ikkje at vi kjem til å få ein stor vekst i Sandefisk dei komande åra, seier Sande.
Nina Sande og Svein Roald Sørdal er forøvrig også inne på eigarsida i Sandefisk. Det er 14 tilsette i selskapet.

Etablerte Finefish-avdeling i Spania

Ole Sande og Gjermund Bringsvor har stor tru på kvitfisknæringa dei komande åra og dei har klare planer om vekst innafor sal av kvitfisk gjennom eksportselskapet Finefish. Dei har leverandørar av fisk langs heile kysten.
Dei har i 2014 og 2015 gjort investeringar og etablert eit dotter- og salsselskap i San Sebastian heilt nord i Spania. Det er første gong dei etablerer selskap i utlandet, men dei kjenner den spanske marknaden frå før.
- Vi er no i full drift og har skipningar ned til selskapet kvar veke. Vi har no tre tilsette der og vi ser eit stort potensial i den spanske marknaden. San Sebastian er også ei veldig god strategisk plassering og der grensepasseringa i nærheita er hovudåra for hjulkøyrt transport til Spania. Dermed er lokaliseringa ein god plass i høve til å distribuere fisken vidare inn i den spanske marknaden, seier Sande.

Doblar omsetninga i år

Finefish, med hovudkontor i Fosnavåg, hadde ei omsetning i fjor på 80 millionar kroner og dette er på nivå med tidlegare år. Resultat før skatt var i fjor 2,6 millionar kroner.
- Vi er ikkje fornøgd med resultatet i fjor, og tala er prega av investeringar og betydeleg omstillingsarbeid i forbindelse med etableringa av selskapet i Spania. Vi gjorde også omstilling og endringar på hovudkontoret i Fosnavåg. Men vi ser no at investeringane byrjar å gje avkastning. Vi har i år allereie passert heile fjorårsomsetninga og vi forventar at resultatet framover heng med i veksten, seier han.
Les også:
Største problemet med å drive mottak er råstofftilgong.

Publisert: 11.07.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58