Investerer i automatisk sveising
SAMARBEID: Jan Petter Urke i Ulmatec Pyro (i mditen) er sentral i etableringa av samarbeidsprosjektet Green Technology. Her er han smaan med direktør Kari Holmefjord Vervik i Innovasjon Norge avdeling Rogaland, Mareno Nakken i Anda-Olsen, statssekretær Dilek Ayhan frå nærings- og fiskeridepartementet og Rune Myklebust i Sperre Coolers.
Nytt

Investerer i automatisk sveising

I løpet året reknar produksjonssjef Jan Arild Refsnes i Ulmatec Pyro med å ha sin første sveiserobot på plass. Tomt til ny fabrikk er ferdig planert.

28.03.2017
Den nye tomta ligg rett ved sidan av fabrikken i Søvika i Haram og vart planerte i fjor. Planen er å bygge ein nye produksjonshall for sveising, og forhandlingane om kjøp av den første sveiseroboten er i gang.
Då NETT NO snakk med bedrifta om utbyggingplanane i fjor sommar hadde selskapet berre sikra seg tomta, men ikkje vedtatt å starte bygginga. No er i alle fall tomta planert og forhandlingane om innkjøp at av utstyr starta.
Refsnes håpar sveiseroboten er på plass og i drift i løpet av året. Gir styret sitt endlege ja kan fabrikkhallen stå ferdig i løpet av 2018.

Godt med arbeid

Selskapet har heile arbeidsstokken på rundt 40 personar i arbeid og 2017 har starta bra.
- Vi har hatt det svært bra så langt i år og det ser bra ut fram til sommaren også, seier Refsnes.
Men horisonten er korta ned. Det vanlege no er å sjå berre nokre månadar fram i tid.

Samarbeid

Ulmatec Pyro har spesialisert seg på energigjenvinnings-system og varmeutnyttings-system ombord i skip og riggar. Det handlar om å utnytte overskotsvarme frå maskiner som går på fossilt drivstoff.
Selskapet er ein av fem samarbeidspartnarar i prosjektet Green Technology, der Sperre Coolers, Anda- Olsen, Teknotherm, Ulmatec Pyro og svenske Climeon går saman om å marknadsføre og utvikle sine energisparande ptodukt.

Publisert: 28.03.2017 15:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07