Investerer 700 millionar i fisk
SATSAR: Kjell Magne og Stig Ervik har tre nye fiskebåtar under bygging. Når skipa er levert består Ervik-flåten av fire linebåtar i Søris-havet og sju linebåtar i Noreg.
Nytt

Investerer 700 millionar i fisk

Tremenningane Stig og Kjell Magne Ervik investerer i tre nye fiskebåtar og har kjøpt ut Domstein-konsernet.

03.09.2016
Til saman er det snakk om båtkjøp og aksjekjøp for rundt 700 millionar kroner i løpet av kort tid, etter NETT NO sitt anslag.
To linebåtar er under bygging hos Tersan Shipyard i Tyrkia, og ein ved Pella Shipyard i St. Petersburg i Russland (den siste er ein kontrakt som Ervik-gruppa gjekk inn i då den opphavlege reiaren ikkje greidde å fullføre prosjektet).

Båten frå Russland blir levert i år, dei to andre i 2017 og 2018. I desember 2014 vart også Domstein-konsernet kjøpt ut av dotterselskapet Ervik Havfiske, slik at Stig og Kjell Magne no eig heile konsernet 50/50.

Godt år

2015 blei eit godt år for konsernet (sjå tabell), og så langt ser 2016 ut til å bli enda betre.
- Vi vil få vårt beste halvår nokon gong, seier Stig Ervik.
I tillegg til nybygga har Ervik-gruppa kjøpt ein fiskebåt (Keltic) og seld ein annan (Seljevær). I tillegg skal Argos Georgia byttas ut med eit av nybygga.
Når alt er på plass og nybygga levert, vil flåten i Ervik Havfiske Holding-konsernet bestå av fire linebåtar som fiskar djupvassarten patagonsk tannfisk i Sørishavet, og sju linebåtar som fiskar i Noreg.

Samfunnsansvar

Veksten og lønsemda betyr og at andre er interessert i konsernet. Alle friarar har så langt fått nei. Stig Ervik vil styre og drive frå Stadlandet, der selskapet har hovudkontor og mange av dei til saman 350 tilsette i konsernet bur.
- Vi har eit samfunnsansvar. Eg veit ikkje om eg hadde hatt samvittigheit til å sitte med masse pengar på bok og sett at det ikkje skjedde noko her ute, seier Ervik.

Mangesysleri

Fiskeri er den viktigaste delen av verksemda, men under Ervik Holding-paraplyen finn vi både daglegvarebutikk (Vestkapp Handel), leverandør av agn, bunkers, verktøy og reservedeler til fiskeflåten (Nordic Marine), mekanisk verkstad (Westmek) og reknskapsbyrå (Vest økonomisenter og Rådgivning Nord).
Frå 2014 til 2015 vart heile organisasjone omorganisert, og Ervik Havfiske Holding blei morselskapet på toppen i konsernet. Den omorganisering gjer at reknskapstala for 2014 og 2015 ikkje kan direkte samanliknast.
Vi har eit samfunnsansvar. Eg veit ikkje om eg hadde hatt samvittigheit til å sitte med masse pengar på bok og sett at det ikkje skjedde noko her ute

Publisert: 03.09.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59