Investerer 30 millionar i cruise kai
CRUISE: John Olav Lefdal satsar på å ta i mot dei første cruiseturistane i Nordfjordeid neste vår.
Nytt

Investerer 30 millionar i cruise-kai

Trekløveret John Olav Lefdal, cruise-operatøren Arthur Kordt og Eid kommune investerer 30 millionar kroner i cruise-kai på Nordfjordeid. 

23.08.2016
-Finansieringa er på plass, seier dagleg leiar og eigar i Lefdal Invest, John Olav Lefdal.
Målet er å ta i mot dei første cruiseturistane våren 2017 og doble talet på cruise-anløp i Nordfjord-regionen innan fem til åtte år.
Lefdals selskap Lefdal Invest går inn med seks millionar kroner i cruisekai-selskapet som er under skiping. Det same gjer selskapet Turistutvikling, som er eit søsterselskap av European Cruise Service i Bergen, der Arthur Kordt er største aksjonær og dagleg leiar. Eid kommune går inn med tre millionar i eigenkapital, og i tillegg har cruisehamnselskapet fått 15 millionar i lån frå Innovasjon Noreg, Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest.
European Cruise Service handtere skipsanløp for cruisereiarløag med turar til Noreg, og hadde over ein halv milliard kroner i driftsinntekter i 2014.

Lang tid

Lefdal har arbeidd med å få etablert ei cruise-kai på Nordfjordeid i fleire år, og har mellom anna vurdert industriområdet som tidlegare husa skipsverftet på Løkjaneset vest for Nordfjordeid.
No blir det kai rett ved sentrum i staden.
Kaia blir av typen "Seawalk", ei flytekai som kan foldast saman når den ikkje er i bruk og strekkast ut i sjøen når den skal ta i mot cruiseskip. Geiranger har hatt ei slik kan sidan 2013.

Tommelen ned

Lefdal prøvde i opphavleg å få det interkommunale hamneselskapet i i Nordjord, Nordfjord Hamn, med på eigarsida.
Det vart nedstemt i styret i hamneselskapet i førre veke,
- No finansierer vi det sjølve, seier Lefdal.
Nordfjord har allereie ei cruisekai, i Olden. Lefdal meiner den nye kaia på Nordfjordeid ikkje blir ein konkurrent, men eit supplement som kjem til å skape meir trafikk. Går det som han vonar vil det bli til saman rundt 200 cruiseanløp i året til dei to cruisekaiene i Nordfjord og målet for Nordfjordeid er å etablere utflukter for turistane til reisemål både innover og utover i fjorden.

Lystbåtentusiast

Nordfjord-investoren John Olav Lefdal er først og fremst profilert som ein entusiastisk forhandlar av kostbare lystbåtar, med italienske Riva-båtar som sjølve flaggskipet.
Men han er også storeigar i drikkevaredistributøren Nor-Drikk, eigar av Bryggen Hotel Nordfjord og av industri- og kaiområdet som tidlegare husa skipsverftet på Løkjaneset vest for sentrum.

Frå minus til pluss

2014 vart ei minusår for konsernet, mellom anna med eit underskot på 2,7 millionar kroner i båtforhandlaren Dreamline Yachts. I fjor snudde Lefdal resultatet til pluss.
- Vi hadde mykje oppryding året før, seier Lefdal om 2014.
I år ventar han ny betring av lønsemda, og det gjer noko med investeringsviljen.
- Når ting går godt har vi gründarar evne og vilje til å satse vidare, seier Lefdal.
Når ting går godt har vi gründarar evne og vilje til å satse vidare

Publisert: 23.08.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59