Innvik satsar under koronakrisa
INVESTERER: Produksjonen er stengt, men produktutviklinga hos tekstilprodusentent Innvik går for fullt, samstundes som selskapet planlegg utviding og millioninvesteringar. Dei fem siste åra har dagleg leiar og medeigar Bjørn Aage Haugen hatt vekst kvart år.
Nytt

Innvik satsar under koronakrisa

Startar prosjektering av utviding og biovarmeanlegg til 25-30 millionar kroner midt i koronakrisa.

07.04.2020
Planen til tekstilprodusenten Innvik er å bygge ut cirka 1000 kvadratmeter, med nytt utstyr for farging og etterbehandling – fyrt på biovarme.
Biovarmen skal kome frå røter, greiner og anna avkapp frå skogbruket i eit fyringsanlegg som skal erstatte dagens oljefyr. Saman med elektrisitet frå vasskraft vil den samla produksjonslina bli CO2-utslepp -nøytral.
Før påske stengde veveriet produksjonen, fordi storparten av etterspørselen har blitt borte under koronakrisa. Men produktutviklingavdelinga er i full sving, og 2. april starta også forprosjekteringa av anlegget som skal ta i bruk biovarme. Avgjerda om å gå i gang for fullt er ikkje teken, men dagleg leiar og medeigar Bjørn Aage Haugen seier selskapet ikkje hadde startar forprosjekteringa om ein ikkje hadde rekna med å satse.

Fyrer med ved

I og med at anlegget skal fyrast med tremateriale blir det rekna som ei nøytral utsleppskjelde, som resirkulerer CO2 som er bunde i trea.
Anlegget skal etter planen byggast av Stryn Nærvarme, som er eit datterselskap av Norsk Bioenergi på Vestfossen i Buskerud.
Forbrenningsanlegget vil koste 10-20 millionar kroner, anslår Haugen.
Stryn kommune vedtok tidlegare i år å kople skulen og omsorgssenteret i Innvik til varmeanlegget.

Vekst i fem år

Innvik har hatt vekst kvart år sidan 2014. Då var driftsinntektene 46,7 millionar kroner. I fjor nådde selskapet 73,9 millionar kroner i driftsinntekter og 80 prosent av inntektene vart henta i eksportmarknaden. (sjå også resultattabell)
Innvik er resultatet av samanslåinga veveriet i Innvik og konkurrenten Sellgren på Tingvoll på Nordmøre. I 2012 vart all produksjon samla i Innvik, og etter fem tunge år med underskot på rad fekk selskapet pluss-resultat i 2013.
Innvik gjekk tidleg i 2016 i kompaniskap med den danske tekstilleverandøren Kvadrat, mellom anna for å få opp eksporten frå Innvik. Haugen-familien i Innvik eig 70 prosent av aksjane i Innvik, Kvadrat 30 prosent.

Publisert: 07.04.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55