Inntil ti gjestar paa julaftan
10 GJESTAR I JULA: Statsminister Erna Solberg er bekymra for aukande smitte etter julefeiringa, men regjeringa lempar litt på tiltaka. 
Nytt

Inntil ti gjestar på julaftan

Regjeringa held oppe tilrådinga om at ein kan ha inntil fem gjester til over nyttår, men opnar for unntak på to av dagane til inntil ti gjester.

02.12.2020
NPK-NTB: – Jula er ei tid for nærleik, ikkje avstand. Vi vil at alle skal få feire jul med så mange som mogleg av dei ein ønskjer rundt seg. Det fortener vi, ikkje minst i år, sa statsminister Erna Solberg (H) på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen onsdag.
Men det ligg ei bekymring for at julefeiringa skal føre til meir smitte i samfunnet.
– Vi ønskjer ikkje å starte det nye året med stigande smittetal og nye innstrammingar i januar. Det vil ingen av oss, sa Solberg.
Derfor meiner regjeringa at det er nødvendig med smitteverntiltak også i jula. Men det blir lempa på nokre tiltak for at folk skal kunne feire jul og nyttår litt meir som normalt.

Inntil ti gjester

Hovudregelen er at ein avgrensar talet på menneske ein har sosial kontakt med gjennom heile jule- og nyttårsperioden, og ikkje minst i førjulstida.
Regjeringa held derfor oppe tilrådinga om at ein kan ha inntil fem gjester til over nyttår, men opnar for inntil ti gjester på to av dagane.
– Det betyr altså inntil ti gjester på julaftan og inntil ti gjester på nyttårsaftan, eller to andre dagar som ein vel sjølv i perioden, seier Solberg som også minte om at alle må halde minst ein meters avstand til dei ein ikkje bur saman med.
– Avstandsreglane gjeld gjennom heile selskapet. Frå gløggen blir servert, til ein set seg til bords. Når gåvene blir delte ut. Og når kaffien og julekakene kjem fram.

Bekymra for importsmitte

Det blir framleis tilrådd å unngå unødvendige reiser innanlands og utanlands, men regjeringa er klar over at reiser i jula for mange kan seiast å vere nødvendige.
– Alternativet ville vore ei jul utan familien, seier Solberg.
Ho seier det er greitt å reise på hytta, så lenge ein følgjer dei gjeldande reglane for reise og sosial kontakt, men understreka at dette ikkje er jula for å reise utanlands – med mindre du verkeleg må.
– Vi veit at mange vanlegvis bruker juleferien til å besøkje familie som bur i andre land. Bekymringa mi er at dei som vel å reise ut, bringar med seg smitte tilbake. Derfor vil eg på det sterkaste minnet om karantenereglane.

Samvær med begge foreldra

Avslutningsvis minte statsministeren om at foreldre ikkje må gløyme at dei er dei viktigaste personane i livet til barna sine, også ungdommen.
– Eg seier dette no, med håp om at mange finn ro til gode samtalar og hyggjelege ting å gjere saman i jula. På tvers av generasjonar.
– Og la meg presisere: Barn og unge med skilde foreldre bør få samvær med begge foreldra sine, som normalt, gjennom juleferien.

Publisert: 02.12.2020 13:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:07