Inntektsforskjellane har auka
SKATT: Som følgje av endringar i skatte- og avgiftssystemet under Erna Solberg som statsminister har inntektsforskjellane i Noreg auka noko. 
Nytt

Inntektsforskjellane har auka

Forskjellen i inntekt har auka noko som følgje av endringar i skatte- og avgiftssystemet under Solberg-regjeringa, konkluderer SSB i ny rapport.

11.10.2019
NPK-NTB-Oda Ertesvåg: I har Statistisk sentralbyrå sett på den omfordelande effekten for skattane i seks år med Solberg-regjeringa og samanlikna med effektane av skatte- og avgiftssystemet frå 2013.
– Både endringar i inntekts- og formuesskatten og endringar i den indirekte skattlegginga trekker i denne retninga.
- Samla sett betyr det at inntektsforskjellen hadde vore lågare i 2019 om regjeringa hadde halde oppe skattesystemet slik det var i 2013, seier SSB-forskar Thor Olav Thoresen i

Store omleggingar

Solberg-regjeringa har vore kjenneteikna av relativt store omleggingar av skattesystemet, til dømes har skatten på alminneleg inntekt vorte redusert frå 28 til 22 prosent. Dette er enkeltendringa som har bidratt mest til svakare omfordeling av inntekt, ifølgje SSB.
For å finansiere inntektstapet som følgje av dette vart det lagt om frå toppskatt til trinnskatt i 2016. Arveavgifta vart fjerna og formuesskatten vart òg redusert i same periode. Innføringa av trinnskatt og justeringa av eigarinntekter har trekt i motsett retning.

Størst kutt hos dei rikaste

Endringar i formuesskatten har hatt tilnærma null effekt på inntektsfordelinga, ifølgje rapporten. Årsaka er at skattelettane har falle for ein del hushald med låg inntekt. Samtidig er skattelettane størst hos dei med høgast formue, som forventa.
Tidlegare har SSB sett på den omfordelande effekten for skattane i dei åtte åra med den raudgrøne regjeringa. Den gongen vart det konkludert med at den omfordelande effekten for skattesystemet auka.

Publisert: 11.10.2019 18:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41