Inntektsfall i skipsdesign
AUKE: Svein Rune Gjerde og kollegaene i Marin Teknikk har over dobla inntektene sidan botnåret 2017.
Nytt

Inntektsfall i skipsdesign

Med unntak av Svein Gjerde i Marin Teknikk, hadde alle dei frittståande skipsdesignsselskapa på Nordvestlandet nedgang i driftsinntektene i fjor.

28.09.2020
Frå 2015 til 2017 fall driftsinntektene til Marin Teknikk frå 194 til 41 millionar kroner. Det blei nedbemanningar både ved hovudkontoret i Dragsund og i Polen, og underskot i 2017.
Men frå 2017 har det gått oppover, og driftsinntektene i fjor var dei tredje høgste selskapet har hatt (sjå resultattabell for skipsdesignselskap til høgre - på mobil finn du den nederst på sida).
Marin Teknikk gjekk også inn i 2020 med ein vesentleg høgare ordrereserve enn året før, men merka at koronaepidemien påverka ordreinngangen, skriv selskapet i årsrapporten for 2019.

Alle på jobb

I tillegg til at Havyard Group, Vard, Kongsberg Martime og Ulstein-konsernet har eigne skipsdesignarar er dei frittståande skispdesignarane ein viktig del av den maritime klynga på Nordvestlandet.

Det største selskapet, Skipsteknisk i Ålesund, permittererte tilsette på grunn av koronaepidemien. Nye oppdrag i løpet av sommaren gjorde at alle tilsette var tilbake på jobb i september.
– Det positive er at vi har full aktivitet i haust og utover vinteren. Tala er i utgangspunktet for dårlege til at 2020 blir veldig bra, men det ser ut til at vi har kome oss greitt gjennom koronaen, sa administrerande direktør Hans Ove Holmøy til NETT NO tidlegare i september.

Mindre i Måløy

Måløy har to skipsdesignselskapet, Seacon og Skipskompetanse.
Skipskompetanse har mellom anna teikna brønnbåten Ro Vision, som tidlegare i haust vart kåra til Året Skip.

Multi Maritime har adresse i Førde og er eigd av Fiskerstrand Holding, som og eig Fiskerstrand Verft. I og med at Fiskerstrand Verft har lagt nybygging på is inntil vidare er kundane og oppdraga utanfor konsernet.

Publisert: 28.09.2020 14:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03