Inntektene krympa med 40 prosent
MINUS FOR HAVILA HOLDING: Både offshoreverksemda til Havila Shipping og satsinga med Havila Kystruten ga minus i konsernet til Njål (t.v.) og Per Sævik i dei andre i familien i fjor. 
Nytt

Inntektene krympa med 40 prosent

– Ikkje noko å vere nøgd med, seier Per Sævik etter store tap i Havila Holding i fjor. Inntektene stupte etter at Havyard-tala ikkje lengre blir rekna inn.

Marius Rosbach
08.10.2020
Driftresultatet i Havila Holding-konsernet blei snudd frå minus til pluss, men 2019 enda likevel med eit nytt underskott før skatt på nær 325 millionar kroner.
Offshore ga størst minus, medan Fjord1 og eigedom ga størst pluss. Per Sævik er dagleg leiar i familieselskapet, medan borna Njål og Vegard Sævik og Hege Sævik Rabben utgjer styret. Selskapet er eigd av desse i fellesskap.
– Det er ikkje noko å vere nøgd med. Årsresultatet ber preg av at offshore framleis er eit problem, og ga eit betydeleg tap i konsernet, seier Per Sævik til NETT NO.
Resultat før skatt er likevel ei betring på nær ein halv milliard samanlikna med (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).
Per Sævik kan også gle seg over at 2020 er langt betre til no: – Det er eit betydeleg pluss i første halvår, ikkje minst grunna refinansieringa i Havila Shipping, seier Sævik.
I sommar blei det klart at Havila Shipping som sikrar finansane ut 2024.

Shipping-minus – pluss på ferje og eigedom

Årsrekneskapen for konsernet viser ein nedgang i omsetninga på kring 2,8 milliardar, frå nær sju milliardar, til 4,1 milliardar.
Årsaka er at Havyard-tala ikkje lengre blir rekna med i konserntala frå 2019. I årsrapporten skriv styret at endringar i avtaler mellom aksjonærar og Havila Holdning, gjer at dei vurderer at konsernselskapet «saman med nærståande ikkje lengre vurderast å ha kontroll over Havyard ASA».
Bakgrunnen er at Havila Holding no «berre» eig drygt 40 prosent av aksjane i det børsnoterte verft- og skipsutstyrskonsernet. I tillegg eig Sævik-familien om lag 17 prosent av aksjane, men no er fordelt via eigne selskap.
Havyard ASA og skipsselskapet Havila Charisma reknast difor som tilknytta selskap, heiter det i .
Ellers viser resultat etter skatt følgjande for selskapa i fjor:
  • Havila Shipping dreg resultatet kraftig ned med 319 millionar kroner i underskot.
  • Havila Kystruten dreg ned resultatet med eit underskot på 72 millionar i fjor.
  • Havilafjord – som eig Fjord1 – bidreg med eit plussresultat på 140 millionar.
  • Eigedomsselskapet Havila Ariel hadde eit overskot på 38 millionar.

Koronautfordringar

Reiselivsselskapa har vore hardt råka av koronapandemien. I årsrapporten som er datert 31. august, påpeiker styret at konsekvensane vil avhenge av kor lenge ulike reiserestriksjonar varer, og kor omfattande dei blir. Mannskapsskifte i offshoreverksemda har også vore utfordrande med ulike karantenereglar og lite flykapasitet.
– Det som har vore overraskinga i år, er at reiselivet kunne kollapse slik. Det hadde vi ikkje sett føre oss. Men vi tek ting med rimeleg fatning, og på eit tidspunkt blir det betre, seier han.
– I praksis reknar vi med at heile 2021 også blir eit tøft år for reiseliv. Håpet er at vi får ei vaksine som kan begynne å normalisere situasjonen. Men akkurat no ser det ikkje lyst ut med stigande smittekurver i Europa og verda elles. Det er ingen grunn til noko betydeleg optimisme, seier Sævik nøkternt.
Fleire av dei tilsette i reiselivsselskapa er permittert, og mellom anna er til neste sommar. Oppstarten av seglasene Havila Kystruten etter planen skulle starte frå årsskiftet, er førebels uviss.

Satsar på reiseliv

Dei siste åra har Sævik-familien satsa stort på reiseliv, mellom anna med nemnte selskapet Havila Kystruten. Dei har også gått inn i fleire hotellverksemder, og eig Hotell Ivar Aasen i Ørsta og Raftevold Hotel i Volda. I tillegg har dei eigarinteresser i Thon Hotel Fosnavåg, og fleire hotell på Færøyane.
Tidlegare i år kjøpte dei Geiranger Fjord Hotels, via Havila Hotels-selskapet, og i sommar vart det Havila Service.
Ved utgangen av 2019 eigde konsernet eig vidare 51 prosent av offshorereiarlaget Havila Shipping og drygt 66 prosent av aksjane i Fjord1-konsernet – begge notert på Oslo børs. I Fjord1 har dei som eigarar, og planen er at Havila skal selje seg ned til kring 50 prosent, fortel Per Sævik.
Havila Holding har også 52 prosent av aksjane i Volstad Maritime, og eigarskap i fleire andre offshoreselskap og eigedomsselskap.

Byggetrøbbel i Spania

I årsrapporten blir problema ved det spanske Barreras-verftet omtalt. Havila Kystruten skulle etter planen bygge to skip her, og to skip i Tyrkia.
Som kjent blei kontraktene kansellert frå spanjolane si side, og Havila Kystruten har difor gått til søksmål for å få dekka betalingar dei har gjort på førehand. Ifølgje årsrapporten utgjorde det 354 millionar ved utgangen av 2019. Per Sævik har uttalt at dei krever 400 millionar til saman, og partane vil truleg møtast i retten.
I dag har Havila Kystruten fire skip under bygging ved Tersan-verftet i Tyrkia. Dei to første skulle bli levert i november og desember, men er no utsett til nyrået.
Det er førebels høgst usikkert når selskapet startar å segle kyststrekninga mellom Bergen og Kirkenes. Samferdselsdepartementet opplyste at ei vurdering av dette vil bli gjort seinare i haust.
– Før den diskusjonen er avgjort, veit vi ikkje utfallet, er alt Per Sævik kan seie om saka i dag.
Sidan nybygga i Tyrkia ikkje blir ferdig frå årsskiftet, kan Havila Kystruten ha behov for reserveskip ei periode. NETT NO har tidlegare omtala at selskapet har forhøyrd seg om . Reiarlaget sjølv har kommentert dei konkrete skipa - og det vil heller ikkje Per Sævik gjere til NETT torsdag.

Ventar framleis svingingar

I årsrapporten for 2019 påpeker Havila Holding-styret at situasjonen i oljerelaterte næringar har påverka konsernet sitt resultat dei siste åra. Dei reknar med at ei syklisk næring som verftsindustrien, også vil bli påverka framover.
Eigenkapitalen til Havila Holding var ved utløpet av 2019 på 1,8 milliardar. 30 millionar blei sett av til utbyte og 15 millionar i tilleggsutbyte, ifølgje rekneskapen.
Havila Holding eig 33,4 prosent av Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.

Les også:






Det som har vore overraskinga i år, er at reiselivet kunne kollapse slik. Det hadde vi ikkje sett føre oss. 

Publisert: 08.10.2020 14:12

Sist oppdatert: 02.03.2021 07:21