Innspurt for skipstunnelen
ALDRI NOK: Det kan aldri bli nok informasjon, seier Randi Humborstad om påverknadsarbeidet for å få tunnelen bygd. Ho er dagleg leiar i Måløy Vekst og pådrivar i lobbyarbeidet for skipstunnelen gjennom Stadlandet.
Nytt

Innspurt for skipstunnelen

Daglig leder Randi Humborstad i Måløy Vekst har startet ein langspurt for å få eit endeleg gjennomslag for å bygge Stad Skipstunnel.

12.02.2019
I går og i dag, tysdag 12. februar, står Eid og Selje sin konferanse om skipstunnelen på programmet for Humborstad. Dei to kommunane skal slå seg saman og arrangerer konferansen for å få merksemd om ringverknadane ein skipstunnell gjennom Stadlandet kan skape.
Både effekten på reiseliv-og sjømatnæringa kom godt fram i innlegga første dag, seier Humborstad.

I dag skal konferansedeltakarane på tur for å møte bedrifter i området på begge sider at Stadlandet.
- Det kan aldri bli nok informasjon, seier Humborstad om arbeidet for å få politisk gjennomslag for tunnelen.

Hurtigbåtutgreiing

I februar kjem ein rapport om eit hurtigbåtsamband mellom Ålesund og Bergen, som tunnelen opna for.
Utgreiinga er bestilt av Sogn og Fjordane Fylkeskommune, for Vestlandsrådet.
Det blir den første viktig rapporten om tunnelen i år, og i samband med rapporten planlegg Humborstad møter med stortingspolitikarar og andre beslutningtakarar, medrekna i Samferdselsdepartementet.

Avklaring i juni

I juni kjem det som kal bety den endelege avklaringa om bygging av tunnelen, Kystverkets rapport om kva tunnelen vil koste.

Den siste konsekvensutgreiinga om tunnelen konkluderte med at prisen ville bli 3,7 milliardar kroner. Kystverket sitt mandat er å vise at Kystverket sitt kostnadsoverslag på 2,9 millliardar kroner er realistisk.


Publisert: 12.02.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31