Finansdirektør Britt Kathrine Drivenes, konsernsjef Arne Møgster og gründer og storeigar Helge Møgster i børsnoterte Austevoll Seafood var alle i vinteboksen i striden mellom Nergårdkonsernet og Pelagia i dag.
Nergård - med tidlegare Welconeigar Arne Stang som stor eigar - er i gang med bygging av ein fabrikk for produksjon av fiskemjøl og fiskolje på nabotomta til Pelagia sitt anlegg i Vågsøy.
Eigdomen vart seld frå Welcon i 2009. Welcon er eit selskap som i dag er ein del av fiskeindustrigiganten Pelagia. Kjøpar var eit selskap eigd av Arne Stang og tidlegare Pan Fish-topp Bjarte Tunold. Selskapet i dag er ein del av Nergårdkonsernet.
Heilt frå forhandlingane starta i 2008 og fram til salet vart gjort i 2009 var det ein føresetnad at det ikkje skulle etablerast ny fiskemjølk og fiskoljeproduksjon på staden. Det er versjonen til både Drivenes og Arne og Helge Møgster. Dei avviser og kjennskap til at avdøde Ole Rasmus Møgster (bror til Helge og onkel til Arne) på noko tidspunkt forhandla fram ein avtale med Arne Stang utan konkurranseklausul, og meiner det er utenkleg at Ole Rasmus Møgster ville forhandle fram ein slik avtale utan å informere dei.
- Eg vart heilt overraska då påstanden kom, sa Helge Møgster i retten om reaksjonen på at Nergårdkonsernet og Arne Stang meiner det ikkje er nokon konkurranseklausul knytt til eigedomen.
Utan ein slik klausul var sal uaktuelt, i følgje Møgster.
I retten i dag viste ho til sine eigen notatar frå møtet der ho mellom anna hadde notert dei sentrale punkta i ein salsavtale, mellom anna krav om ein klausul som hindra ein kjøpar å starte ny produksjon av fiskemjøl og fiskolje på eigedomen. På møtet var og Arne Stang til stades, som dåverande leiar for Welcon.
Korkje då eller seinare, fram til salet vart vedteke i Welcon, protesterte Stang på konkurranseklausulen, i følgje Drivenes si forklaring.
Nergård har sett i gang store investeringar i Vågsøy, og meiner selskapet er i sin fulle rett.
Pelagia krev dom på at konkurranseklausulen er gyldig, og krev og at Nergårdkonsernet stoggar utbygginga fram til striden er avgjort i rettsvesenet
I morgon vitnar mellom andre Arne Stang og forretningspartnar Bjarte Tunold.
Nergård - med tidlegare Welconeigar Arne Stang som stor eigar - er i gang med bygging av ein fabrikk for produksjon av fiskemjøl og fiskolje på nabotomta til Pelagia sitt anlegg i Vågsøy.
Eigdomen vart seld frå Welcon i 2009. Welcon er eit selskap som i dag er ein del av fiskeindustrigiganten Pelagia. Kjøpar var eit selskap eigd av Arne Stang og tidlegare Pan Fish-topp Bjarte Tunold. Selskapet i dag er ein del av Nergårdkonsernet.
Storeigar
Austevoll Seafood eig 50 prosent av Pelagia, og var medeigar i Welcon då tomta i Vågsøy vart seld i 2009.Heilt frå forhandlingane starta i 2008 og fram til salet vart gjort i 2009 var det ein føresetnad at det ikkje skulle etablerast ny fiskemjølk og fiskoljeproduksjon på staden. Det er versjonen til både Drivenes og Arne og Helge Møgster. Dei avviser og kjennskap til at avdøde Ole Rasmus Møgster (bror til Helge og onkel til Arne) på noko tidspunkt forhandla fram ein avtale med Arne Stang utan konkurranseklausul, og meiner det er utenkleg at Ole Rasmus Møgster ville forhandle fram ein slik avtale utan å informere dei.
- Eg vart heilt overraska då påstanden kom, sa Helge Møgster i retten om reaksjonen på at Nergårdkonsernet og Arne Stang meiner det ikkje er nokon konkurranseklausul knytt til eigedomen.
Utan ein slik klausul var sal uaktuelt, i følgje Møgster.
Noterte klausul
Britt Kathrine Drivenes var til stades på eit møte i Welcon tidleg på hausten 2008 der sal av tomta i Vågsøy vart diskutert.I retten i dag viste ho til sine eigen notatar frå møtet der ho mellom anna hadde notert dei sentrale punkta i ein salsavtale, mellom anna krav om ein klausul som hindra ein kjøpar å starte ny produksjon av fiskemjøl og fiskolje på eigedomen. På møtet var og Arne Stang til stades, som dåverande leiar for Welcon.
Korkje då eller seinare, fram til salet vart vedteke i Welcon, protesterte Stang på konkurranseklausulen, i følgje Drivenes si forklaring.
Stang i vitneboksen
Det er to partar med stikk motsett oppfatning om kva som er fakta som strides i Fjordane Tingrett denne veka.Nergård har sett i gang store investeringar i Vågsøy, og meiner selskapet er i sin fulle rett.
Pelagia krev dom på at konkurranseklausulen er gyldig, og krev og at Nergårdkonsernet stoggar utbygginga fram til striden er avgjort i rettsvesenet
.
I morgon vitnar mellom andre Arne Stang og forretningspartnar Bjarte Tunold.
Publisert: 12.08.2015 17:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45






