Ingen ting blir betre av at eg gir opp
TOPPLEIAR: I ei ny bok om kvinnelege toppleiarar, fortel Gunvor Ulstein om utfordringane ho møtte då ho som 29-åring overtok.
Nytt

- Ingen ting blir betre av at eg gir opp

Gunvor Ulstein såg for seg at ho som ein ung kvinneleg toppleiar måtte kome seg over ein fjellvegg med overheng.

08.03.2019
NPK-Beate Haugtrø: Kvifor er berre ein av ti norske toppleiarar i næringslivet kvinner? undra politisk journalist Lilla Sølhusvik seg. Det resulterte i ei bok der ho intervjua åtte av dei mest sentrale kvinnelege næringslivsleiarane her til lands.
– Bildet står framleis klart for meg. Eg tenkte eg var nøydd til å komme opp og over den veggen som både stod framfor og hang over meg. Det var overveldande, fortel konsernsjef Gunvor Ulstein i boka «Fordi det er verdt det».
Ulstein var 29 år da ho tok over som leiar for den familieeigde bedrifta Ulstein Group i Ulsteinvik for snart 20 år sidan. Bedrifta bygger og designar skip, og ho var tredje generasjon som tok over.
Den gongen spurde både journalistar og lokalsamfunn om ho ikkje var for ung for jobben, og korleis det var å vere kvinneleg leiar i ei så mannsdominert bedrift.
Til pressa svara ho at ho var den eldste som nokon gong hadde tatt over bedrifta. Og at når det gjaldt kjønn, så hadde ho aldri vore mann, så ho visste ikkje noko om alternativet.
Men i hovudet sitt hadde ho eit bilde av ein høg fjellvegg, som midt på helte utover. Det som på klatrespråket heiter ein vegg med overheng. Den veggen var ho nøydd til å komme over.

Ni av ti toppleiarar er menn

I næringslivet er ni av ti leiarar menn. 95 av dei 100 selskapa som toppar lista på børsen, har mannlege toppleiarar.
– Men i staden for å snakke om kor ille det er, så kan ein heller vise at desse har klart det, seier forfattar og politisk journalist Lilla Sølhusvik om «Fordi det er verdt det», boka der ho har intervjua åtte av dei kvinnelege toppleiarane i næringslivet.
Gjennom samtalar med Berit Svendsen, Kristin Skogen Lund, Hilde Tonne, Maria Moræus Hanssen, Anne Marit Panengstuen, Birgitte Vartdal, Margareth Øvrum og Gunvor Ulstein, har ho fått betre forståing av korleis desse åtte har klart det, og korleis dei har opplevd vegen til toppen.
Sølhusvik håpar det kan vere ei bok til inspirasjon for fleire.

70-talsdraumen

Ho opplever at det ofte er snakk om at kvinnelege leiarar i næringslivet må ofre mykje og har opplevd mykje dårleg. Men gjennom intervjua har Sølhusvik fått eit anna perspektiv.
– Eg har møtt åtte leiarar som elskar jobbane sine, som har opplevd mykje spennande og som tener godt. Dei fleste av kvinnene i boka har ein partnar som tar storparten av ansvaret heime. Det er viktig å understreke det, at desse kvinnene er dei privilegerte.
Ho minner om at desse får gjere det som mødrene på 70-talet drøymde om. Å få vere med å bestemme og skape verdiar og utvikle samfunnet.
Samtidig vil ho vere forsiktig med å seie at det ikkje finst noko «glastak».
– Eg har jo ikkje snakka med dei som ikkje har klart det, seier ho.

Å seie ja når ein får utfordringar

Fleire av råda frå dei som er intervjua, handlar om å seie ja når ein får utfordringar og å sørge for å bli sett.
– Det er jo fleire forklaringar på kvifor det er så få kvinnelege leiarar. Den eine er at kvinner ikkje er flinke nok til å hevde seg, seier Sølhusvik.
Ein annan ting er at toppjobbane i det private næringslivet sjeldan blir lyste ut. Når Telenor, Schibsted eller Golden Ocean skal tilsetje ny toppleiar, er dei ikkje lovpålagde å lyse ut stillinga. Felles for kvinnene i boka, er at dei knapt har søkt ein jobb.
– Dette er jo vanleg i næringslivet, men eg er ikkje sikker på at denne framgangsmåten har fremma kvinnelege kandidatar, seier Sølhusvik.

Ofte den einaste kvinna i rommet

Birgitte Vartdal, som òg er intervjua, er opphavleg frå Vartdal på Sunnmøre, og busett i Oslo. Ho er administrerande direktør i Golden Ocean, eit reiarlag som driv frakt av tørrlast. Ho vart henta til leiarjobben av John Fredriksen i 2016, etter å ha vore i selskapet sidan 2010, og er ei av svært få kvinner som leier eit selskap notert på Oslo Børs.
I boka fortel ho at ho hadde møtt om lag hundre meklarar og fondsforvaltarar gjennom ei veke på jobb. Alle var menn. Sjølv har ho ikkje noko problem med å vere einaste kvinna. Likevel synest ho fråværet av kvinner er synd, fordi ho unner fleire kvinner å oppleve at det er gøy å vere i ein jobb der det er så kort veg frå handling til resultat.
Opplevingane er forskjellige. Nokre av dei som er intervjua synest at det er krevjande å stadig vere einaste kvinne blant mange menn. Eit par av dei har opplevd seksuell trakassering. Fleire har opplevd å bli oversett av mannlege kollegaar. Ulstein fortel i boka om ein episode der han ho forhandla med konsekvent vende seg til dei andre i rommet, sjølv om det var ho som var sjefen.

Skilnad mellom by og bygd

Gunvor Ulstein er den einaste som leiar ei familiebedrift i eit lokalsamfunn. Da ho byrja som leiar i 1999 måtte ho permittere over 500 tilsette det første året, grunna manglande oppdrag.
Mange av sambygdingane er avhengige av at ho som leiar gjer ein god jobb. Og da ho måtte permittere, måtte ho framleis møte dei som var råka i kvardagen – både på butikken, på fotballbanen og på den lokale skolen. Men ho meiner det er ein god ting å vere så tett på dei tilsette.
– Eg trur det er sunt og godt å vekse opp i eit samfunn der ein ikkje skil mellom dottera til direktøren og alle andre, seier ho i boka.
Etter å ha møtt store utfordringar med oljekrisa som kom i 2014, måtte Ulstein Group legge om strategien. Frå å vere eit selskap som leverte båtar til oljeindustrien, har dei no retta seg meir mot cruise- og turistnæringa. Og no går salet oppover for bedrifta.
Gunvor Ulstein kom over fjellveggen. I boka fortel ho om korleis:
– Eg gjorde som eg bruker når ting er vanskelege. Tenkte at ingenting blir betre av at eg gir opp. Eg er ganske rasjonell, og tek oppgåve for oppgåve.
Eg trur det er sunt og godt å vekse opp i eit samfunn der ein ikkje skil mellom dottera til direktøren og alle andre

Publisert: 08.03.2019 11:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32