Ingen tal fraa Havyard
TRØBBEL: Oppryddinga etter store tap på Havyard sitt verft i Leirvik i Sogn er i følgje selskapet så krevande at styret i selskapet avlyser å legge fram kvartalsreknskap for 4. kvartal i fjor. 
Nytt

Ingen tal frå Havyard

Offentlegjer ikkje 4. kvartalsreknskap.

06.02.2020
Havyard varsla i november 2019 at selskapet ikkje kom til å legge fram reknskap for 3. kvartal 2019. I kveld varslar selskapet at det heller ikkje kjem til å legge fram 4. kvartals-rapporten.


Selskap i krise

Havyard forhandlar med kreditorane om ei refinansiering, etter store tap på skipsbygging i datterselskapet Havyard Ship Technology i 2018 og 2019.
I mars 2019, berre få veker etter at reknskapen for 2018 var lagt fram kom den første av fleire meldingar om at underskotet var større enn først varsla.

I oktober i fjor varsla selskapet at det var i brot med lånevilkåra.

Arbeider med refinansiering

Havyard er børsnotert. Det er opp til selskapet sjølv om det skal rapportere kvartalsrapport, men det er uvanleg på ikkje rapportere.
I den situasjonen selskapet er i meiner styret likevel det er rett å ikkje legge fram kvartalsrapport:
"Styre og administrasjon har besluttet å bruke all kapasitet og tilgjengelig ressurser til å fortsette arbeidet med å finansiere ferdigstillelsen av øvrig ordrebok ved HST på til sammen 7 skip (fase 2). Styret har derfor besluttet at Havyard Group ASA ikke avlegger regnskapsrapportering for Q4 2019.", heiter det i børsmeldinga.

Publisert: 06.02.2020 23:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52