Ingen misser jobben her
IKKJE RÅKA: Ingen av dei tilsette til hotelldirektør Sven Erik Moe ved Scandic Parken er råka av oppseiingane i hotellekjeda.
Nytt

Ingen misser jobben her

Men Virke Reiseliv trur oppseiingane i Scandic bare er starten på kva bransjen vil oppleve.

01.07.2020
(NPK-NTB-NETT.NO): Tysdag vart det kjend at hotellkjeda Scandic går til storstilt nedbemanning i august på grunn av koronapandemien.
Hotell både i Molde og Kristiansund må redusere arbeidsstokken, men ingen av Scandic-hotella i Ålesund er ramma av oppseiingar.
Hotelldirektør ved Scandic Parken, Sven Erik Moe, er dagleg leiar i Hotelldrift Ålesund, som er eigd av Haagensen-familien. Han opplyser at nedbemanningane ikkje gjeld dei.
Heller ikkje Scandic Ålesund er ramma opplyser hotelldirektør Silje Viken Skarlund til NETT NO. Nyleg blei det kjent at hotellet er på veg over frå å vere ein del av Scandic-kjeda, til å bli Thon-hotell. Det skjer til hausten, ifølgje .

Les også:



– Det er trist å sjå

Virke Reiseliv fryktar at mange fleire oppseiingar vil kome i sommar innan reiselivs- og opplevingsnæringa. Kring tusen årsverk forsvinn frå Scandic, og Virke er uroa for at det berre er starten på fleire oppseingar som vil kome.
– Det er trist å sjå at nedbemanninga er i gang. Vi har ropt varsku om at det vil komme oppseiingar og konkursar lenge og bede om konkrete tiltak for å unngå dette. Men i staden for å kome med nye tiltak som kunne hjelpt næringa, ser vi at dei ordningane som har treft reiselivsnæringa, blir planlagde avslutta i sommar eller på hausten, seier leiar Astrid Bergmål i Virke Reiseliv til NTB.

– Overlatne til seg sjølv

Ho seier dei fleste som rettar seg mot den internasjonale marknaden, vil få store problem om sommarsesongen ryk. Også aktørar som driv med kurs og konferansar, vil slite lenge, meiner ho.
– Regjeringa overlèt i realiteten desse verksemdene til seg sjølv. Det er oppsiktsvekkjande at regjeringa ikkje prioriterer å redde fleire av dei 170.000 arbeidsplassane i norsk reiselivsnæring, seier Bergmål.

Ti-punktsliste

Virke har lagt fram ein tipunktsliste som dei meiner vil bidra til å unngå konkursar og redde arbeidsplassar. Bergmål meiner regjeringa kunne gjort meir for å hindre at arbeidsplassar forsvinn.
– Dei kunne forlengt moglegheita til å permittere, forlengt og forbetra kontantstønadsordninga, fått på plass ei ordning som hjelpte alle sesongbedrifter – ikkje berre dei som driv med utandørsaktivitet. I tillegg kunne dei utvida stønadsordninga til reisearrangørane til sommarsesongen. For å nemne noko, seier ho.
(©NPK)

Les også:




Publisert: 01.07.2020 15:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59