Ingen fleire smitta om bord i Viking Star
ÅLESUND: Ingen av mannskapet om bord i Viking Star er likevel smitta av korona.
Nytt

Ingen fleire smitta om bord i Viking Star

Mannskapet på 105 er testa. Ingen var smitta av korona, ei heller den som først fekk påvist covid-19.

06.08.2020
OPPDATERT 14:30:- Onsdag 5. august blei heile mannskapet på 105 personar på Viking Star testa for korona av personell frå kommunen. Prøveresultata torsdag 6. august viser ingen nye tilfeller av korona, opplyser Ålesund kommune i ei pressemelding torsdag ettermiddag.
Personen som er isolert etter positiv test for korona, var ved ny testing óg positiv for korona.
- At der ikkje er fleire positive testar blant mannskapet tyder på at skipet har hatt eit godt smittevern, seier fungerande kommuneoverlege Aleksander Linge Sommerdalen.

Danske teknikarar isolerte

Det er no totalt 36 personar som har fått påvist koronavirus i Ålesund kommune.
Tidlegare torsdag melde kommunen at tre danske teknikarar var isolerte om bord i cruiseskipet, som ligg ved kai i Ålesund..
Dei tre teknikarane budde på eit hotell like ved skipet frå søndag til tysdag.
- Måndag 3. august var dei om bord i skipet frå 07.00-20.00. Dei har i denne perioden kun gått mellom hotellet og båten som ligg like ved. Tirsdag 4. august starta dei arbeidet klokka 07.00, og har sidan vore ombord utan kontakt med anna mannskap.
Fungerande kommuneoverlege Aleksander Sommerdal seier at då det vart kjent at det var smitte om bord i Viking Star, fekk danskane forbod mot å forlate skipet.
Kommunen opplyser at dei tre danske teknikarane ikkje har hatt nokon kontakt med personen som er smitta.

Fire tilsette mønstra av

Ålesund kommune har også fått opplyst frå rederiet at fire utenlandske arbeiderar mønstra av skipet måndag 3. august.
- Desse fire reiste måndag morgen 3. august før det vart kjent at det var smitte bord, seier Aleksander Linge Sommerdalen, i pressemeldinga.
Der vert det opplyst at dei fire vart frakta direkte til Vigra lufthamn og flaug måndag morgon til Gardermoen og vidare til heimlandet.

Ventar på prøvesvar

Desse fire sit i isolasjon og ventar på prøveresultat for korona i heimlandet.
Dersom prøvesvara viser seg å vere positive, vil ein omgåande spore opp, og ta kontakt med dei som har vore nær desse personane, opplyser kommunen.
Ålesund kommune oppmodar no på generelt grunnlag at alle som opplever lette forkjølingsymtom, om å ta kontakt med testtelefonen dersom det er behov for testing for korona.

Publisert: 06.08.2020 14:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00