Ingen emisjon i Havyard
Nytt

Ingen emisjon i Havyard

Etter salet av aksjane i MMC First Process er emisjon ikkje lenger eit tema for Havyard Group.

03.06.2019
Det stadfestar Havyard Group-sjef Geir Johan Bakke til NETT NO.
Salet av aksjeposten på 75 prosent i MMC First Process gir 225 millionar kroner inn i kassa for Havyard Group.
- 225 millionar kroner er eit betydeleg beløp. Situasjonen vår no er ein heilt annan (enn før salet, red merk). Vi har ei god plattform å bygge vidare resten av Havyard-selskapa, seier Bakke.

Stortap på skipsbygging

Etter at børsen stengte torsdag 21. mars, berre tre veker etter at tala for 2018 var lagt fram, kom Havyard Group med ei melding om ytterlegare tap på rundt 100 millionar i 2018.
Det meir enn dobla underskotet for 2018 samanlikna med kva Havyard melde i første omgang.

Dei uventa tapa gjorde at selskapet kunne gjere at Havyard var i brot med lånevilkåra, og førte til at selskapet måtte diskutere med långivarane.
Fearnley Securities blei henta inn, både for å bistå i samband med salet av MMC First Process-aksjane, men og for å få på plass det som i eit børsmelding blei kalla ein "langsiktig bærekraftig kapitalstruktur".

- Emisjon er ikkje eit tema lenger, seier Bakke.

Kunne fått meir

Etter at Havyard offentleggjorde at selskapet hadde inngått ein intensjonsavtale om å selje sin aksjepost i MMC First Process til ein partnarskap av investeringsselskapet Credo Partners og minoritetseigaren First Process Holding kom fleire kjøparar på banen.
Det førte til at intensjonsavtalen blei oppheva. I tillegg til Credo/First Process Holding var det meir enn to konkurrentar om å få kjøpe aksjane, i følgje Bakke.
Han seier selskapet kanskje kunne fått meir om det hadde vald ein annan kjøpar, men at avgjerda om å selje til Credo/First Process Holding-grupperinga vart gjort ut frå eit vurdering av kva som samla sett tente selskapet, tilsette, kundane og forretningforbindelsane.
- Vi er godt fornøgd med den avtalen vi har gjort, seier Bakke.
Vi har ei god plattform å bygge vidare resten av Havyard-selskapa

Publisert: 03.06.2019 13:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35