Ingen anke fraa Sandanger
MOLTU: Dette industrianlegget på Moltu er klar til å seljast etter at konkursen i eigedomsselskapet er rettskraftig.
Nytt

Ingen anke frå Sandanger

Industrianlegget på Moltustranda er klart til å seljast etter at konkursen i Sunnmøre Moldtu Eiendom er rettskraftig.

16.07.2019
29. mai i år vart det opna konkurs i Sunnmøre Moldtu Eiendom, som omfattar bygningar med røykeri, pelagisk fiskemottak, fryseri og kaier.
Ved anlegget er djupvasskai, og under opninga av konkursen opplyste bustyrar Thore Heggen at han hadde fire-fem interessentar til anlegget.

Høge krav

Bygget var brukt av Edgar Sandanger sin lakseforedlingsbedrift Sunsea, som gjekk konkurs i 2018. Etterpå har bygget stått ubrukt.
Krava i buet er på tilsaman 22,6 millionar kroner. Innovasjon Norge er største kreditor, med eit krav på 15,6 millionar.

Sa nei til bod

Anlegget vart lagt ut på tvangssal i 2017, etter krav frå blant andre Innovasjon Norge. I februar 2019 vende Innovasjon Norge tommelen ned for eit bod på 2,2 millionar kroner for anlegget.
Buet skal no stå for sal av anlegget.
I ein epost til bustyrar, Innovasjon Norge og Handelsbanken skriv styreleiar Edgar Sandanger at styret har heile tida arbeidd for ei løysing til det beste for kreditorfellesskapet. Han viser til at selskapet hadde ein intensjonsavtale om leige av anlegget der partane i i avtalen har utarbeidd eit solid og godt grunnlag for drift og betaling av løpande husleige.

Frist for å fjerne utstyr

Han viser til at styret har forsøkt å forhandle med bustyrar om omforeinte løysingar som kunne sikre vidare drift, og at styret i selskapet meiner at det er vesentlege verdiar i selskapet og grunnlag for vidare drift.
Han skriv også at selskapet Sandanger Invest har invitert bustyrar og Innovasjon Norge til eit samarbeid om ei best muleg løysing for anlegget, men at forslaget er kontant avslått.

No har bustyrar på vegne av Innovasjon Norge gitt Sandanger Invest ein frist til 31. august til å fjerne sitt utstyr frå anlegget.
Sandanger avsluttar eposten med å beklage situasjonen, løysinga og tapet dette har påført kreditorane i selskapet.

Publisert: 16.07.2019 08:54

Sist oppdatert: 15.06.2021 09:31