Inge Huse gaar av
HEIDER: Inge Huse (til høgre) blei heidra for langvarig innsats for det maritime miljøet nasjonalt og internasjonalt på Shippingklubbens 25-års-jublileum i fjor. Til venstre Ørnulf Blaalid, som fekk heider for 20 års innsats for klubben på det same jubileunsmøtet. .
Nytt

Inge Huse går av

Inge Huse (79) går av som toppsjef i I P Huse, etter nesten 60 år i bedrifta.

16.05.2017
- Å overleve, svarar Inge Huse på spørsmål om kva han er mest nøgd med etter alle åra i I P Huse.
Huse har leia I P Huse på Harøya sidan vinteren 1958, om enn litt på deltid i starten.
Selskapet er internasjonalt leiande på forankringsutstyr og ankerhandteringsvinsjer for offshoremarknaden, og har 140 tilsette.

Godt rusta

Selskapet har merka offshorenedturen etter oljeprisfallet. Frå 2013 til 2015 (sist tilgjenglege reknskap) fall driftsinntektene frå over 900 millionar til 555 millionar, og året enda med eit lite underskot.
Men fleire år med store overskot har gjort I P Huse til eit botnsolid bedrift, utan langsiktig gjeld og med nesten ein halv milliard kroner ståande i banken.
- Vi går inn i dei dårlege tidene med eit skikkeleg godt anlegg, flinke folk og god økonomi, seier Huse.

Smell i 80-åra

Den solide posisjonen no er eit resultat av smellen selskapet gjekk på i kjøvatnet av finanskrisa på slutten av 80-talet.
Den nedturen kom mykje meir overraskande enn denne, og selskapet var langt dårlegar rusta til å takle situasjonen.
- Å greie å overleve dei åra er nok det vansklegaste eg har gjort, seier Huse.
Hygglege kundar, leverandørar og bankar spelte ei vesentleg rolle for at bedrifta ikkje gjekk under den gongen.

Blei forsiktig

Krisa på slutten av 80-talet gjorde Inge Huse til ein forsiktig mann i forretningslivet.
- Du lærte å bli forsiktig, å bli litt skeptisk til konjunkturane. Eg har alltid venta på den (nedturen, red. merk), men dei dårlege tidene kom mykje seinare enn eg hadde trudd, seier Huse.
Men han er ikkje evig pessimist.
- Det einaste ein veit er at like sant som gode tider tek slutt, tek dårlege tider slutt, seier han.

Automatisering

I P Huse var tidleg ute med å automatisere produksjonen.
- Vi har moderne utstyr slik at i dei bransjane vi jobbar i så er det ingen som kan måle seg med oss. Den eldste roboten vår er over ti år gamal, seier Huse.

Ny sjef

Morten Hopland er tilsett som ny administerande direktør i selskapet. Han har vore tilsett i I P Huse i 25 år og kjem frå stillinga som teknisk sjef.
I praksis skjedde leiarskiftet i fjor haust, seier Huse, men no er det formalisert. Han skal framleis vere rådgivar i selskapet.
Å greie å overleve dei åra er nok det vansklegaste eg har gjort

Publisert: 16.05.2017 14:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:09