Indarane har oppdaga Norge
RUNDTUR PÅ SØRE: Ein rekke indiske turoperatørar valte å reise på rundtur på Søre Sunnmøre tysdag. Turen gjekk via Hareid, til Sunnmøre kystmuseum i Tjørvåg og vidare til Runde miljøsenter. Her er (f.v.) Abhik Butta frå The Wanderers Travel, Sanjar Imam frå Panache World, Richard Lindin frå kystmuseet og Ameet Kapadia frå Travel Tours Bespoke. 
Nytt

Indarane har oppdaga Norge

Talet på reisande frå India til Norge veks kraftig – og av fleire grunnar passar dei norsk reiseliv som hand i hanske.

Marius Rosbach
05.04.2019
«Alle» snakkar om veksten av reisande frå Kina, men India er ein nasjonalitet der turistbesøka til Norge også er på full fart oppover. Og potensialet er ikkje langt unna nivået for kinabesøket.
– India har vore undervurdert. Saman med Kina, er det ein av marknadene vi ventar skal halde fram med å vekse. Dei er nær ein milliard menneske med ein sterkt veksande middelklasse som har starta å reise. Ein reknar med at innan 2026 vil talet på indiske turistar som reiser til Europa eller Nord-Amerika, doble seg frå kring 25 til 50 millionar, fortel Per Holte til NETT NO.

Holte er Innovasjon Norge sin spesialist for Asia, Brasil og nye marknad. Norwegian Travel Workshop - - er nett ferdig i Ålesund.
Over tre dagar har .

Sel luksusreiser frå indisk millionby

Tidlegare i veka var deltakarane på og NETT NO møtte fleire indiske turoperatørar på utflukt i Herøy.
Sanjar Imam leiar Panache World tilbyr luksusreiser til gjestar frå Bangalore – ein by med om lag tre millionar fleire innbyggjarar enn det er nordmenn.
– Vi har allereie hatt ein del reisande til denne regionen, ikkje til Ålesund, men mellom anna til Geiranger. Våre gjestar er i hovudsak familiar og par. Og eg trur gruppereiser er ein utfordring i dette distriktet, grunna kapasitet, fortel han.
Gjestane hans er på jakt etter natur og vakre landskap med god plass og lite folk. Mange ønskjer også opplevingar som er typiske for staden dei besøker.
Les også:

– Eg er her er no for å verte betre kjend med området. Vi har 20 til 25 turar til Norge vart år, men mange frå India kan ikkje så mykje om Nord-Europa. Når eg har vore her, kan eg forsikre dei om at det er greitt å reise her, og forklare korleis dei kan gjere det, fortel Imam.

Reiser også utanom høgsesong

Per Holte i Innovasjon Norge fortel at dei indiske reisande på fleire måtar passar norsk reiseliv. Dei reiser på fleire tider av året, og kan tilføre trafikk både haust, vinter og vår utanom høgsesongen.

Samstundes betalar mange gjerne godt for å få service og opplevingar av ypparste klasse.
– Veldig mange er storfamiliar eller mindre familiar, sokalla individuelle turistar, som ikkje reiser i store grupper. Det passar oss enno betre, påpeiker Holte.

Ikkje direkte flyrute

I dag er det ikkje direkte flyruter mellom India og Norge, noko som gjer at dei fleste som kjem til Norden, kjem via Stockholm, Københamn eller Helsinki.
Holte skulle gjerne sett direkte flygingar mellom India og Norge, men påpeiker at det no er gode moglegheiter for å fly vidare til destinasjonar i Norge.
– Indarane vil gjerne besøke fleire land, når dei først har reist så langt. Men når det gjeld feriereiser, er det ofte først og fremst Norge dei vil besøke, fortel Holte.

Har mangla statistikk

Fram til i år har ikkje reiselivet i Norge hartt oversikt over kor mange som kjem til Norge frå India, og dei var sortert innunder «resten av Asia» i SSB sine statistikkar. Frå i år er India eigen kategori i statistikken, slik at ein vil få sikrare tal framover.
– Vi snakkar truleg om ein plass mellom 25.000-30.000 reisande som kjem til Norge frå India årleg, seier Holte.

På bakgrunn av dette talet anslår han at reisande frå India i år vil stå for kring 300.000 overnattingsdøgn her til lands. Til samanlikning ligg kinesarar på om lag 500.000 gjestedøgn.
Tyskarar toppar statistikken, medan reisande frå Danmark og Sverige kjem på plassane bak med kring 700.000 gjestedøgn frå kvar nasjonalitet.


Når det gjeld feriereiser, er det ofte først og fremst Norge dei vil besøke

Publisert: 05.04.2019 05:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33