Imponert Giek topp
KOMPETANSE: Den maritime klynga på Nordvestlandet har framleis ein sterk kompetanse, trass nedturen for mange bedrifter etter oljeprisfallet, meiner styreleiar Karin Bing Orgland i Giek.
Nytt

Imponert Giek-topp

Den maritime klynga si evne til å finne nye bein å stå på imponerer Giek-styreleiar Karin Bing Orgland.

22.05.2017
- Eg er imponert over dei omstillinga som skjer i næringa. Det er ei krevande omstilling som er viktig, seier ho.
Så langt i år har norske skipsverft offentleggjort nye kontrakter for 5,5 milliardar kroner og ligg godt over nivået frå same tid i fjor. Ferjer, cruiseskip, vindkraft-serviceskip, brønnbåtar og fiskebåtar har erstatta offshorefarty, som var heilt dominerande i orderbøkene fram til oljeprisfallet starta i 2014.

God tone

Heile Giekstyret og deler av administrasjonen er i dag på Sunnmøre. Dei har besøkt verft og møtt representantar for fleire reiarlag, før dei starta styremøtet som no er i gang.
Giek er ein statleg etat som stimulerer norske eksport ved å stille garantiar for finansiering av eksportkontrakter.
- Eg opplever at vi har kjempegod dialog med aktørane, både med reiarlag og verft, seier Bing Orgland.

Har bevart kompetansen

Trass i at offshorereiarlag har skifta eigarskap og fått nye majoritetseigarar utanfrå Nordvestlandet meiner Bing Orgland den maritime klynga på Nordvestlandet framleis har ein sterk kompetanse.
- Det har den, seier Bing Orgland.
Men lokalt eigarskap er ikkje alt, og ho viser til Hurtigrutekontrakten til Kleven og cruisekontrakten til Vard som døme på at kompetansen i den maritime klynga ikkje berre er avhengig av lokalt baserte reiarlag.

Publisert: 22.05.2017 15:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:10