Ikkje utbytte i Hexagon
VEKST: Det blir ikkje utbytte frå Hexagon Composites. Storaksjonær Knut Flakk (biletet) og resten av styret vil heller bruke pengane for å finansiere vekst.
Nytt

Ikkje utbytte i Hexagon

Hexagon Composites droppar utbytte etter 2018. Held pengane i selskapet for å finansiere vekst.

20.03.2019
Etter 2017 betalte Hexagon Composites ut 49,6 millionar kroner i utbytte til aksjonærane.
I år foreslår styret at det ikkje blir betalt utbytte etter 2018. Grunnen er at styret ser vekst på mange felt for selskapet, og vil prioritere å bruke pengane på å finansiere veksten.

Grunngjevinga samsvarar med dei optimistiske forventningane selskapet la fram då 2018-resultatet ble lagt fram tidlegare i pår, og med at selskapet både har gjennomført ei kapitalutviding i aksjemarknaden og lånt pengar i obligasjonsmarknaden i år. Aksjeemisjonen tilførte selskapet 493 millionar kroner og obligasjonslånet var på 1,1 milliardar kroner.


Kursstigning

Hexagon Composites lagar tankar i kompositt, for oppbevaring av naturgass og hydrogen. Tankane blir laga i mange storleikar, frå små berbare tankar til gassgrillar, via drivstofftankar for bilar, bussar og lastebilar til store lagringstankar for mellom anna industrianlegg.
Selskapet er børsnotert, med hovudkontor i Ålesund.
Kapitalutvidinga tidlegare i år vart gjennomført på ein aksjekurs på 29,60 kroner pr. aksje. Då børsen stengde i går, tysdag 19. mars, var kursen 32,35 kroner pr. aksje. Det verdset selskapet til 5,9 milliardar kroner på børsen. Kursen har ikkje vore høgare sidan 2014.

Flakk over 20 prosent

Knut Flakk og familiemedlemer er neste største eigar. Til saman eig dei 20,05 prosent av selskapet etter kapitalutvidinga i år.
Før kapitalutvidinga eigde dei 21,73 prosent.
Største eigar er japanske Mitsui & Co Ltd, med 25,01 prosent av aksjane, den same eigarandelen som før kapitalutvidinga.
Både Mitsui og Flakk deltok i kapitalutvidinga, men berre Mitusi gjekk inn med nok til å oppretthalde sin eigarandel.

Publisert: 20.03.2019 09:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32