Ikkje ein kilowatt enda
VENTAR: Etter eit halvt år i sjøen har bøya ved Runde enda ikkje begynt å sende kraft til lands.
Nytt

Ikkje ein kilowatt enda

Waves4power ventar framleis på å få begynne med kraftlevering frå pilotanlegget som vart lagt ut ved Runde i februar i år.

Administrator
25.08.2016
Etter å ha lege og duva i bølgene eit halvt års tid, er det enda ikkje ført ein kilowatt med straum til land frå Waves4power sitt pilotanlegg ved Runde.
- Men no nærmar det seg, og i vi tek sikte på å vere i gang i løpet av oktober.
Det seier bølgekraftentusiast Jan Melsom, som er svenske Waves4pover sin representant i Norge.

Uhell under utsetting

Forklaringa på den forseinka oppstarten er uhellet som oppstod då testbøya blei utlagt i vinter.
- Tilsluttingsbøya gjekk i stykker under utsettinga, men no er den nye bøya snart klar.
Dei må og få tak i ein båt som kan stå for utsettinga av den nye tilsluttingsbøya, samt legging av kabelen som skal føre den bølgeproduserte krafta inn til land.
Utsettingsjobben i vinter blei utført av offshorefartøyet Olympic Zeus. Melsom poengterer at dei har eit veldig godt samarbeid med Olympic.

Ei forsikringssak

I tillegg har saka også ei forsikringsside. Her dreiar det seg om store summar, og ifølge Melsom vil dei vere varsame med å ta på seg slike kostnader før det er klart at forsikringserstatningen er i boks.
- Det som kostar i denne samanhengen er leige av fartøy, både for utsetting og til å legge ilandføringskabelen, forklarar han.

Virkar slik den skal

Melsom slår fast at så snart tilsluttingshubben med transformator er på plass, vil pilotanlegget ved Runde begynne med kraftproduksjonen.
Sjølve produksjonsbøya er det ikkje noko i vegen med. Systemet for straumproduksjonen har vist seg å fungere slik det skal, og så er det opp til naturkreftene å bestemme kor mykje energi bøya kan greie å produsere.
- Vi går ikkje ut med tal, men forventar at denne bøya skal kunne forsyne eit tjuetals husstandar under normale bølgeforhold, seier Melsom.
At sjølve bøyesystemet virkar, kan Melsom slå fast etter mange år med grundig testing.

Hundrevis i klynger

Melsom meiner det blir feil å prate om den økonomiske sida av bølgekraftproduksjon i denne fasen av prosjektet. Først når ein får klarlagt kor mykje straum ei enkelt bøye kan greie å produsere, kan ein begynne å rekne på kor store anlegg som må til for at bølgekraft skal bli eit interessant alternativ.
- Meininga er at eit bølgekraftanlegg skal leggast ut i klynger på fleire hundre bøyer som er tilslutta same ilandbøringsopplegget. Då håper og trur eg vi skal få sjå tal som er interessante i fleire samanhengar, seier Melsom.

Stor interesse

Melsom understrekar at prosjektet ikkje på nokon måte kan seiast å vere på begynnarstadiet. Tvert om er dei no godt i gang med marknadsføringa, mellom anna av bølgekraft som eit komplement til vindkraft.
- Oppdrettsnæringa er òg veldig interesserte i denne grøne energiforsyninga, seier han.
Tilsluttingsbøya gjekk i stykker under utsettinga

Publisert: 25.08.2016 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59