Ikkje Jaguar butikk i Sandven Aaland regi
NY KANDIDAT: Etter at Jaguarforhandlaren i Bergen ikkje etablerer seg i Ålesund blir det Nardo Bil-konsernet i Trondheim som kjem inn i staden. Konsernet er allereie på plass i Ålesund gjennom datterselskapet Ålesund Bil.
Nytt

Ikkje Jaguar-butikk i Sandven/Aaland-regi

Samarbeidspartnarane Trond Sandven og Per Aaland etablerer ikkje Jaguar-forhandlar i Ålesund. Nardo Bil tek over.

10.01.2019
I september i fjor hadde Bergensbaserte Trond Sandven og kompanjongen Per Aaland i Aaland Bil visning av den nye elbilen til Jaguar i Aaland Bil sine lokale i Ålesund.

Dei vurderte då grunnlaget for ein Jaguar- og Land Rover-forhandlar i Ålesund, og ville starte eit felleseigd selskap om forhandlarplanane blei sett ut i livet.

Nådde ikkje opp

Aaland og Sandven arbeidde i første omgang med å bli godkjent merkeverkstad for Jaguar i Ålesund, og vurderte eigen forhandlar i neste omgang.
I slutten av november i fjor fekk dei melding om at dei ikkje nådde opp hos importøren. Vi strekte oss så langt vi kunne, seier Aaland til NETT NO.
Han har tilsette ein eigen mekanikar som kan Jaguar, og vil halde fram med å utfører vedlikehald og reparasjonar. Unntaket er garantioppdrag, som krev godkjenning som merkeverkstad.

Taust frå Nardo

Trond Sandven driv Sandven British Cars i Bergen, som mellom anna sel Jaguar.
Han stadfestar Aaland sine opplysningar og seier det er Nardo Bil-konsernet som etablerer seg med ein sjølvstendig Jaguar- og Land Rover-forhandlar i Ålesund i staden.
- Nardo skal bygge eit stand-alone anlegg, seier Sandven.
Nardo Bil-konsernet i Trondheim er mellom anna Jaguar- og Land Roverforhandlar gjennom datterselskapet Nardo Bil.
Korkje Nardo Bil eller importøren ynskjer førebels å kommentere ei eventuell etablering i Ålesund.
Nardo Bil er ein del av Nardo Bil-konsernet, som også eig Volvoforhandlaren Ålesund Bil.

Publisert: 10.01.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30