I maal paa lavaste kurs
OVERTEIKNA: Kapitalutvidinga i Saferoad er overteikna, men til lavaste kurs. 
Nytt

I mål på lavaste kurs

Kapitalutvidinga i Saferoad skjer til den lavaste verdien selskapet anslo i prospektet.

19.05.2017
Ein aksjekurs på mellom 45 og 60 kroner aksjen, som verdset heile konsernet til mellom 2,3 og 2,6 milliardar kroner. Det er den såkalla "indikative prisen" selskapet gir i prospektet i samband med kapitalutviding og børsnotering.
No ser det ut som prisen blir 45 kroner aksjen ved kapitalutviding, skriv Saferoad i ei børsmelding.

16. mai var det klart at Saferoad vil lukkast med å hente inn 1,4 milliardar kroner i ny eigenkapital og dermed kvalifisere seg for børsnotering frå og med 24. mai.
Etter børsnoteringa vil dagens eigar, eit investeringsfond under det svenske investeringsselskapet Nordic Capital, bli sittande med minst 33,4 prosent av aksjane.
Fristen for å teikne seg for aksjar går ut mandag 22. mai klokka 14, men selskapet har høve til å avbryte teikningsprosessen alt i dag.
Saferoad lagar trafikksikring- og bergsikringsutstyr. Det største og viktigaste selskapet i konsernet er Vik Ørsta.

Publisert: 19.05.2017 13:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:10