I finalen for teknologipris
TRÅLAR: Molnes under arbeid i Søvika. Fryseteknologien til båten vekkjer oppsikt.
Nytt

I finalen for teknologipris

Brødrene Aa og Nordic Wildfish var i finalen, men eit selskap som utviklar energigjerrige og billege sensorar vann årets Norwegian Tech Awards.

20.10.2016
Dette opplyser , som deler årleg ut denne teknologiprisen i samarbeid med Nito og Tekna.
Det var selskapet Disruptive Technologies som vann årets pris, som vart utdelt under ein festmiddag med 500 gjestar på Gardermoen onsdag kveld.
Dei andre finalistane var Ecotone med eit multispektralt kamera for undervassbruk, Hydro Karmøy Techology Pilot som driv aluminiumsproduksjon med lavt energibruk og Predictor Medical med ein my målar.

Karbonfiberbåt

Brødrene Aa frå Hyen var nominert med den hybride turistbåten Vision of The Fjords i karbonfiber.
Nordic Wildfish frå Valderøya var nominert med trålaren Molnes og den nye frysetekologien som er tatt i bruk.

Rask nedfrysing

Teknologien er utvikla i samarbeid med Kuldeteknisk der fangsten vert raskt frosen ned til minus 50 grader fangsten raskt ned mot minus 50 grader.
Trålaren Molnes vart ferdig bygd om i vår og har no installert nye produksjonsliner med hydrolyseteknologi.

Les her:


Nordic Wildfish fekk elles i august i år under Nor-Fishing i Trondheim.
Brødrene Aa har på sin side fått utmerkinga for sin batteridrivne turistkatamaran, som trafikkerer Nærøyfjorden.

Publisert: 20.10.2016 12:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:02